Nyheitsbrev februar 2024

Om medarbeidarundersøking og "Kyrkja vår", portrettveggen i domkyrkja har fått biskop em. Solveig Fiske på plass og du kan lese om gode tips til fastetid og påske.

Lysa følger fastekalenderen. Gult lys for rettferd og nye tankesett. Foto: Hamar bispedømmeråd.

Vi er i fastetid. Vi held fast, i håpet og i gode val. Det gjer vi med stille tankar og omsorg for andre. I dagane fram mot påske skal vi øve oss på val som er til beste for jorda vår og for fellesskapen. Vi legg ved fastekalenderen til Studentprestane i Innlandet som ein inspirasjon til fastetida.

***

Det ser dramatisk ut når månadens kyrkjelyd førebur seg til påske. Kva det er som skjer får du vite litt lenger ned i e-posten. 

Nyheitsbrev frå Hamar bispedømme finn du samla HER

***

EIN GOD ARBEIDSPLASS

Det er målet når medarbeidarundersøkinga blant kyrkjelege tilsette vert fylgd opp i ulike arbeidsfellesskap. Resultat frå undersøkinga skal drøftast i kvar enkelt sitt arbeidsmiljø. Saman kjem medarbeidarar og leiarar fram il kva ein skal ta vare på og kva ein vil forbetre.

Medarbeidarundersøking skal ikkje vere ei eingongshending, men ein stadig prosess i arbeidsmiljøet. Sjølve undersøkinga skjer kvart anna år, men å fylgje den opp skal vere eit jamt fokus på kyrkja sitt arbeidsmiljø. Ansvaret er felles, der arbeidsgjevar skal legge til rette, og arbeidstakar skal vere med på å få til eit godt resultat. Vi vil at kyrkja skal vere ein god stad å arbeide!

***

Å HALDE RÅKA OPE

Tidlegare biskopar i Hamar bispedømme er avbilda på ein portrettvegg i våpenhuset i Hamar domkyrkje. Søndag 11. februar vart portrettet av biskop em. Solveig Fiske overrekt og hengt opp på veggen i samband med gudstenesta denne dagen. Biskop Ole Kristian Bonden skreiv dette på Facebook-sida si etter dagen:

Her hvor mennesker går inn og ut, minnes jeg om et uttrykk jeg har lært av Solveig. Uttrykket stammer fra en samtale mellom biskop Hille og den aldrende sokneprest Øystein Hovden i Vang, han som var så sentral da den første kvinne ble ordinert til prestetjeneste i Den norske kirke. Hovden talte om meget og mangt, også alt i tjenesten som ikke hadde vært perfekt, men så sa han: "men jeg har søkt å holde råka åpen". Solveig har vært en biskop som har sett til at kirka er åpen, tilgjengelig og i kontakt med folket. Slik evangeliet skal være åpent, tilgjengelig og i kontakt med livet. Nå henger hun i glass og ramme i våpenhuset der folk går inn og ut og minner oss om "å holde råka åpen".

Foto: Elin Gullhav

***

BLI KJEND MED "KYRKJA VÅR"

Stadig fleire ønsker å bli kjende med "Kyrkja vår - samla plan for arbeid i soknet". Ved bispedømmekontoret er det spurnad både frå tilsette og rådsmedlemmar, mange sprøs om tilgangar. For meir informasjon om tilgang og andre spørsmål dykk har, kan du sjekke denne sida i Ressursbanken.

***

MÅNADENS ROSE 

Staben i Øystre Slidre gler seg kvart år til påske. Da tar dei fram påskeduken, inviterer barnehageungane og øver inn enkle skodespel/tablå for å syne ungane historia om Jesu sine siste dagar, døden og oppstoda. 

- Mange barnehagetilsette synast nok det er vanskeleg å snakke om påska. Påskeduken vi har i kyrkja gjer det lettare å forklare bodskapen, seier trusopplærar Marianne Straum som sjølv har arbeidd i barnehage.

Det er dei største ungane i barnehagen som inviterast. I nærkyrkja si møtast dei av Eli prest som set dei i stemning og tar dei med innover i kyrkjerommet. Ungane viftar med palmegreiner, dei får vaska føtene før dei et - kjeks og saft. Altaret har vorte Jesu grav og der legg ungane blomar dei har tatt med seg. Undervegs treffer dei mellom anna på skumle soldatar (biletet i toppen av e-posten). Dei kallar det påskevandring og det har vorte ein tradisjon som det har vorte spurnad om. Tilsvarande har dei også julevandring.

Tilbodet blir til i eit godt samarbeid mellom kyrkje, skule og barnehage. For skulen fylgjer opp slik at ungane kjem attende for å bli kjende med kyrkja når dei har tema "heilage hus". 

Vi ropar eit høgt hurra, for staben i Øystre Slidre!

***

Fastekalenderen har denne veka fokus på rettferd og nye tankesett. Kirkens Nødhjelp har utarbeidd materielle til praktisk bruk, både til nett og IRL. Vi deler bøna for den gule veka med ønske om ei god fastetid.

"Kjære Gud, du som skaper og frigjer.

Takk for at du har gjeve oss jorda. Minn oss allitd på at vi har henne til låns. Gje oss mot til å forandra fastlåste tankesett, og bruka evnene våre til å ta vare på kloden vår. Hjelp leiarane våre til å gjere berekraftige val og vedtak."

Amen. 

Lys over dagen og fastetida frå oss på bispedømmekontoret!

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"