Hoververneombodet blir utpeikt av den arbeidstakarorganisasjonen med flest medlemmer. Alle verksemder skal ifølge loven ha verneombod. Den overordna oppgåva er å sjå til at arbeidsmiljøloven blir fylgd, dvs at arbeidstakarane har eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø, fysisk og psykososialt.
Det er eit lokalt verneombod i kvart prosti i Hamar bispedømme. Her finn du kontaktpersonen i ditt prosti.
Hovedverneombodet er fast medlem av RAMU – Regionalt arbeidsmiljøutval, og Kontaktmøte. Vernetenesta er frittståande og samarbeider med arbeidsgjevar og arbeidstakarorganisasjonane om HMS arbeidet i bispedømme, og med vernetenesta nasjonalt i rDNK. Det er hovedverneombodet si oppgåve å halde kontakt med verneomboda i prostiet og bygge eit stødig og godt lag av verneombod.
Vil vere i forkant
Ingebjørg Vik Laugaland har vore hovudverneombud i 7 år. "Som hovedverneombod er eg oppteken av å være i forkant i vernearbeidet, og eg spør ofte: Kva var helsefremmande i ditt arbeid den siste veka?", seier Ingebjørg. Ho har arbeidd som prest i 30 år, og er sokneprest i Vang i Valdres.
Verneombodet i Hamar bispedømme er også ein del av den nasjonale vernetenesta.
Hausten 2025 skulle det sendast ut ei medarbeidarundersøking. Denne er utsett.
