- Vil lære å danse swing

Den nye soknepresten i Dovre gler seg til å bli kjent med folk, kultur og natur. Bente Sverdrup (51) startar i jobben 1. august.

Her holder Bente Sverdrup gudstjeneste i Hovin kirke i Ullensaker. Foto: Privat

Det er ei aktiv dame som blir ny sokneprest i Dovre.

- Eg likar å vere ute i naturen og er glad i sang og musikk, seier Bente Sverdrup.

Noko av grunnen til at ho søkte jobben i Dovre var fjellet, og ikkje minst pilegrimsleden. Ho har gått ein del pilegrim og synest det var spennande å kunne leve og jobbe i og nært fleire kyrkjer langs gudbrandsdalsleden.

Bente Sverdrup er 51 år gammal og opphavleg frå tettstaden Årnes i Nes kommune. Frå 1. august blir det Dovre, ein stad ho synest er særleg spennande på grunn av historia (både norges- og kyrkjehistorisk.) - Her er det spennande kyrkjebygg som eg gler meg til å bli betre kjent med, seier ho.

«-Så er det jo ein bonus å få vere sokneprest når Dombås kyrkje opnar att etter restaureringa.»

Frå skule til kyrkje

Ho er utdanna og har jobba som pedagog, og har difor jobba mye med barn og ungdom. Dette ser ho på som ein fin og Viktig erfaring å a med seg inn i prestetenesta. Ho har jobba både i barnehage og skule, og etter kvart mange år som kyrkjelydspedagog og kateket. - Ved å arbeide i Den norske kyrkje voks det etter kvart eit ynskje om å lære meir teologi, som førte til ein master i kyrkjeleg undervisning, som så vart vegen vidare til prest, seier Sverdrup. Dei siste åra har ho studert ved Menighetsfakultetet og tar nå siste del av praktikum her denne våren.

Ordinerast til prest i september

Ho har dei siste åra arbeidd som prestevikar i Jessheim og Hovin sokn (næraste kyrkjer til Gardermoen flyplass). Her har ho fått jobbe i siste del av studieløpet. Ho har også vore sommarvikar i Narvik kommune, og så har ho jobba for sjømannskyrkja i Singapore.

Bente Sverdrup ordinerast til prest søndag 10. september i Dovre kyrkje. – Eg ser fram til å bli kjent med kyrkjene, og bli kjent med Dovre som bygd, både folk, kultur og natur, seier ho.

Gudbrandsdalen kjenner ho berre gjennom ferieturar. Faren var journalist i Vårt Land i 40 år, så ofte på veg til ferie i Trøndelag, måtte dei ha ein stopp eller to opp igjennom Gudbrandsdalen slik at han kunne gjere nokre intervju.

«- Eg er veldig glad i folkekyrkja, kor det skal vere romsleg og høgt under taket. Dovre kyrkjelege fellesråds visjon «-ei kyrkje for alle – heile livet» tiltala meg difor veldig.»

Ho har eit godt inntrykk av innbyggarane i Dovre og ser for seg at innbyggarane er glade i kyrkjene sine, og at det er ein fin stad og vere prest. Ho håpar ho skal kunne bidra til å skapa ei kyrkje som kan vere relevant for bygdefolket, og at ho kan vere med å skapa gudstenester og andre møteplassar kor det er godt å vere, og kor det som formidlast skal vere relevant for folk sine liv og kvardag.

Bente Sverdrup trivst på teaterscena, her eit spel om heilag Olav. Foto: privat.

Bente Sverdrup kjem ikkje aleine. Også mannen Andreas er med. Dei har to vaksne jenter på 23 år som studerer i kvar sin by, men som gler seg til å komma i ferier og i fridagar. Paret gler seg til å utforske natur og friluftslivet på Dovre. Dei er glade i å sykle, gå på ski og å gå på beina.

Mannen Andreas likar godt å danse swing. – Eg har aldri dansa, men har lova at når vi nå flyttar til Dovre, skal eg lære meg swing, så det blir spennande å sjå korleis det går.

- Dette ser vi fram til!

Det gjer vi også.

Velkomne til oss!

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"