Bildet i albumet

- I tida etter terroren i synagogen i Pittsburg og inn mot krystallnatta har eg tenkt mykje på ein jødisk familie som ei tid budde hos besteforeldra mine, Marit og Sverke, og på deira skjebne, kan biskop Solveig Fiske fortelja. - Og eg tenkjer: Korleis kunne dette fæle med jødane skje? Ho svarar med eit sitat av Jo Benkow: "Fordi alminnelege, bra menneske snudde ryggen til."

Biskop Solveig Fiske. Foto: Halvard Bjørkås

Av biskop em. Solveig Fiske

I tida etter terroren i synagogen i Pittsburg og inn mot krystallnatta har eg tenkt mykje på eit bilde i albumet som besteforeldra mine, Marit og Sverke, hadde.

Det var noko spesielt med dette bildet. Dei som var avbilda såg på ein med eit blikk som var slik at ein hugsar det. Eg opplevde det som at dei ville fortelja meg noko.

På bildet var det to barn. Ei jente og ein gut. Saman med familien sin budde dei om sommaren på gardsbruket Øyan på Frei. Dei leigde hjå besteforeldra mine som trong dei pengane dei fekk ved sjølv å flytta ned i kjellaren og leige ut delar av huset.

Men familien som leigde hadde med seg noko meir enn kroner.  Noko som ga innblikk i andre tradisjonar og som var annleis og spannende. Det handla om mat, det handla om tru og tradisjon.

Barna leika og byfolkbarna var gjerne med inn og åt av den gode blandaballen eller fiskekakene som Marit laga.  Det var sommar med leik og latter. Det var song, felles opplevingar og venskap. Sterke og fine trådar vart vevde i gjensidig respekt.

Alt dette høyrde eg klangen av i oppveksten min. Ekkoet etter noko som hadde vore fint og litt eksotisk. Men aller mest var det ei anna tone som dirra når vi såg på bildet av dei to barna medan dei vaksne fortalde. Den tonen var sorgtung og fortalde om det som var vanskeleg å fatta.

Dei to barna heitte Rosa og Leopold.

Namna deira står på minnesmerket etter jødane frå Kristiansund som vart drepne under 2. verdskrigen. Faren, Abraham Borøchstein, vart arrestert våren 1942.  Han vart etter opphald på ulike fengsel sendt til Auschwitz.                                                   

Saman med mor si, Mascha, og søskena Julius, Sonja og Filip, vart Rosa og Leopold arrestert i november 1942. Mascha og alle barna vart deporterte til Auschwitz. Alle i denne familien vart drepne berre fordi dei var jødar.

Rosa og Leopold.

Blikka deira frå albumet til besteforeldra mine heng ved meg. Å veksa opp med eit slikt bilde forpliktar til å vera tydeleg på menneskeverd og rettferd og stå opp mot antisemittisme og rasisme.

Blikka deira minner oss om å vera vakne og snakka sant om det som hende.  Jo Benkow var med på avdukinga av minnesmerket i Kristiansund. Han reiste spørsmålet om korleis alt dette fæle med jødane kunne skje?  Og han svara sjøl: «Fordi alminnelege, bra menneske snudde ryggen til.»

Blikka til Rosa og Leopold forpliktar. Til å sjå og ikkje snu ryggen til.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"