Inger Pauline Gravem vigsla til diakon

På Kristi Himmelfartsdag, 14. mai 2015, vart Inger Pauline Gravem vigsla til diakon i Den norske kyrkja. Den høgtidelige handlinga gjekk føre seg i Dombås kyrkje.

Inger Pauline Gravem vart vigsla til diakon 14. mai 2015 i Dombås kyrkje. Foto: Ingolf Toven

Inger Gravem har vore tilsett i diakonstillinga i Lesja og Dovre sidan 2009. No har ho teke master i diakoni, og ynskja difor å verta vigsla. Gravem har mellom anna vore misjonær for Santalmisjonen i Nepal i til saman 7 år, der ho arbeidde 6 år på Den norske skulen i Katmandu.

- Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste med fokus på skaparverket og mennesket som ein del av det. Diakoni er nestekjærleik i praksis, med fokus på mennesket sitt liv frå vugge til grav. Det handlar både om det som er førebyggjande og det som er helande, sa biskop Solveig Fiske i si vigslingstale. Ho avslutta tala slik: - Gå med tryggleik og tillit til Gud inn i tenesta som diakon. Eg vil påminna og dela med deg og kyrkjelyden ord frå evangeliet etter Johannes (14,1). Det er vakre og sterke Jesusord eg sender med deg: "Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg." Så gå frimodig og trygg vidare i det viktige arbeidet som diakon i Lesja og Dovre.

På Kristi Himmelfartsdag har dei i Nord-Gudbransdal tradisjon for å samlast til prostistevne. Denne gongen vart stevnet lagt til Dombås. Prost Paul Skuland og prestane i prostiet var difor tilstades under den høgtidelige handlinga.

Kontaktinformasjon for Hamar biskop og bispedømmeråd

Kontoret er åpent
mandag-fredag 09.00-15.00 (vi holder stengt 14. - 16. april ifm påsken)
Telefon +47 62 55 03 50 

 

 

 

 

 

Folkestadsgt. 52
2317 Hamar
Postboks 172
2302 Hamar
hamar.bdr@kirken.no

Fakturaadresse: 

Faktura sendes som EHF. Alternativt som pdf-faktura til vårt fakturamottak mb.12908@xledger.net (Merk: kun én faktura med vedlegg pr. e-post).

Org nr: 818 066 872
Ref: 2303101 + navn på bestiller

Pr. post:

Den norske kirke v/Hamar bispedømmeråd
Postboks 799 Sentrum
0106 Oslo

Vi ber om 30 dagers betalingsbetingelse. 

Ved vold og seksuelle overgrep
i kristen sammenheng:
kontakt Kirkelig ressurssenter
Tlf: 23 22 79 30
post@kirkeligressurssenter.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"