Preken fra Oslo domkirke første juledag

Dennis Mukwege er som kristen forkynnar nok ikkje ukjent med dei tre j-ane som vi høyrer om i jula: Josef, Johannes og Jesus. Kanskje også jordmor-Matja, som Prøysen skriv om i julekveldsvisa, var mann?

Biskop Kari Veiteberg. Foto Dag Smemo

Preike ved gudsteneste første juledag i Oslo domkirke 25/12-2018; preiketekst: Joh 1, 1- 14

Kjære venner, velsigna jul til alle!

I går feira mange av oss Jesus-barnet, enten heime eller hos venner eller kanskje saman med mange: Her i krypten i domkyrkja eller i Folkets hus. Eg var der og kan bevitne at det var stor stemning og mykje hjartelag begge dei stadane. Og eg har også høyrt frå Bymisjonen og Røde kors som driv med akuttovernatting i byen vår, at det var ingen som behøvde sove ute julenatt. Kommunen har bestemt at Vinternatt, som Frelsesarmeen driv, skal halde oppe til første juledag. Det er eit gratis tilbod til alle som har behov for å sove inne når gradestokken viser ti minusgrader. Vinternatt skulle vore føreseieleg og permanent alle vinter-netter. Ja, husrom og gjestfriheit til alle!

La os be om visdom og solidaritet slik at vi kan få det til saman. Juleevangeliet som vi las i går, handlar om eit nyfødt barn i krybba. I dag har vi lese bibeltekstar som handlar om det same, men i eit større perspektiv. Heilt tilbake til opphavet og det dreier seg ikkje om noko mindre enn heile verda. Starten på Johannesevangeliet har ekko av skaparordet som lyder heilt i starten, i det første kapitlet i Bibelen. Ordet var Gud. Og samtidig er dette Ordet som kom til verda julenatt, skildra som Visdomen. Høyrde de det i den første lesinga frå Salomos ordspråk?

«Høyr, Visdomen ropar, /forstanden lyfter si røyst.» Visdommen, født av Gud, finst i alt det skapte. Ho er ei kvinne, det hebraiske namnet hennar er Chokmah og på gresk heiter ho Sofia. Sofia seier: «Eg vart fødd då djupa ikkje fanst / og dei vassrike kjeldene ikkje var til.»

Høyr, seier Johannes i dag, denne visdomen, Ordet, født av Gud før alle tider, vart menneske, tok bustad mellom oss – eller slo opp sitt telt mellom oss. På julaftan stod vi der, framfor barnet som var født. Har du halde eit nyfødt barn i hendene nokon gong? Skjørt, sårbart og så tydeleg avhengig av oss. Dei store spørsmåla dirrar i lufta: Kven er du? Kva har du med deg? Vil du seie oss noko?Vi hugsar kanskje korleis vi løfta barnet svært varsamt, med ærefrykt og korleis vi i smug og i stille sneik oss inn for å sjå at det trekk pusten, i smug også for at ingen skulle sjå at vi allereie er blitt avhengige av barnet.

Heilt stille og fullt av visdom. Eit nyfødt barn er så overmåte full av framtid! Løftet frå Gud kviler over stallen, over barnesengene og liva våre:

«For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar.»

Vi i kyrkja er kjempegode på fortid. Gode på å minnest det som var, kanskje barndommens jul, og på å halde det historiske minnet oppe: Gamle tekstar, gamle sanger og gamle kyrkjerom.

Som dette praktbygget her, Oslo domkyrkje, som eg tenkte på då den nye byantikvaren sa at i Norge har vi ikkje borgar og slott. Vi har kyrkjer, og dei må vi ta vare på. Det var godt sagt. For det må vi, det er viktig å ta vare på kyrkjeromma og folka som er nesten avhengige av dei, i Groruddalen og elles.

Mange av oss gode på fortid. Det er ikkje noko gale med det. Men barnet, ordet som er Gud, visdommen som vi er samla om i dag, er full av framtid!

Juletida er ei tid da mange går i kyrkja. Fleire har spurt meg om det er greitt at dei berre går i kyrkja på julaftan? Då seier eg: Sjølvsagt. Du er hjarteleg velkomen i år også. Vi skal synge songar om den nyfødte og øve oss på framtida i år som i alle år. Men dersom du også vil høyre meir om kva som skjedde då det vesle barnet vart mann, kan du også ta ein tur i kyrkja resten av året. Då er det også sannsynlegvis betre plass der også.

Å ta imot eit nyfødt barn er å øve seg på å ta vare på kvarandre, fulle av framtid og sårbare som vi er, øve seg på å kunne ta imot livet og framtida som ein gåve frå Gud. Visdomen som er født av Gud, kallar oss til å handle profetisk til beste for jorda og medmenneska.

Det er ikkje noko gale med historie og historier om det som var. Vi greier oss ikkje utan, skal vi forstå kven vi er.

Men det vi treng no, kanskje meir enn nokon gang før, er bilde og historier om korleis det kan gå, korleis vi kan vere, bilde av visdomen i praksis, som livsvisdom svanger med framtid!

Vi treng slike forteljingar som kan gi håp, slik at vi ikkje går rundt og er forberedt på det verste, men tvert om kan vere forberedt på at det beste kan skje. Vi treng historier om barn som overlever i det mørke og kalde. Og om vise kvinner og menn, som er gavmilde og gjestfrie og også modige. Vi treng nokon å lære livskunst og livsvisdom av. For kloden er trua: Kva skjer etter Paris og Katowice? Korleis kan vi alle vere med på å ta ansvar for at Oslo som europeisk miljøhovudstad i 2019 skal kunne vise oss og alle at å ta vare på miljøet dreier seg om noko som er praktisk og gjerleg?

For barnet i krybba viser også kor viktig det er å ta vare på mangfaldet av alt som lever, esel, sauer, oksar og alle dei tallause artene som er skapt.

Korleis kan vi bidra til å gjere alvor av det dei himmelske hærskarane sang om, og som vi stadig syng etter dei: Ære være Gud og fred på jorda?

Kor finn dei modige vise menn og kvinnene no? Eg og mange av oss såg to av dei for femten dagar sidan. Nadia Murad og Dennis Mukwege mottok då fredsprisen for sin kamp mot seksualisert vald. Det var fint å sjå dei saman, der dei representerte stort mot og framtidsretta handling, ulik av alder, kjønn og tru, men begge med sterke vitnesbyrd om kor viktig denne kampen er. Og den på alle måtar ruvande og imponerande Dennis Mukwege sa i sin takketale noko eg festa meg spesielt ved. «Å gjøre noe er et valg. Det er et valg:

- Om å stanse eller ikke stanse vold mot kvinner.

- Om å skape eller ikke skape en positiv maskulinitet som fremmer likestilling, i fredstid som i krig.»

Det er lett å sjå seg blind på formar for maskulinitet som opplagt ikkje fremjer likestilling og rettferd. Men det finst også tydeleg teikn på endring, blant både yngre og eldre menn. Vi blir inspirert av forbilde som har gått føre og vist stort mot i kampen for rettferdighet og fridom. Mukwege er som kristen forkynnar nok ikkje ukjent med dei tre j-ane som vi høyrer om i jula: Josef, Johannes og Jesus.

Felles for dei alle var at dei ikkje valde karrierens veg, men våga livet for andre. Eg trur at både Jesus, Johannes og Josef på ulikt vis kan lære oss noko om kva ein ny nødvendig maskulinitet kan være.

Vi treng å sjå for oss modige menn som tek ansvar. Jesus, barnet som vaks opp til mann og lærde oss kva livs-visdom er i praksis, viser oss ikkje berre Guds ansikt. Han viser også kva det kan vere å vere menneske for andre. Eg har etter kvart oppdaga at Josef, han som står litt i utkanten i stallen, også kan vere eit slikt forbilde. Det finst mange josefar rundt oss, menn som også med opne auge og i kjærleik går inn og er kjærlege og omsorgsfulle fedre for barn dei ikkje er biologisk opphav til. Kanskje også jordmor-Matja, som Prøysen skriv om i julekveldsvisa, var mann? Eg ser for meg Dennis Mukwege, utdanna jordmor og gynekolog som fødselshjelpar til framtidas generasjonar når det verkeleg røyner på.

Som vaksen viste Jesus stort mot i kampen for rettferdighet og verdighet. I alt det han gjorde og sa er det mogleg å sjå sterke glimt av ein annan mannsrolle, bygd på jamlikheit og respekt for andre.

Barnet er full av framtid. Framtida vår kan bli betre ved å lære av Jesus, Guds son, om kva det er å vere menneske. Det kan gi mot og livstru. Og er det noko vi treng akkurat i den tida vi lever i no, er det mot, håp og livstru. Håp om at lyset overvinn mørket, tru på at kjærleiken er sterkare enn dødskreftene og mot til å handle.

Lat oss lytte til visdomen og lære av vise kvinner og menn. Det kan bety at vi, med Guds hjelp, forpliktar oss på å støtte kampen mot seksualisert vald. Og til å vere jordmødre for eit skifte i klimapolitikken, gjere noko med forbruket vårt og å arbeide målbevisst for rettferdig fred på jorda.

God jul til alle, menn og kvinner og nyfødte! Gled dykk! For visdomen, fødd av Gud, seier: «Eg leika på hans vide jord / og gledde meg med menneska.»

Frykt ikkje! For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og håp.

Ære vere Faderen og Sonen og Den heilage ande, som var og vera skal éin sann Gud frå æve til æve. Amen.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"