Det var en flott bursdagsgave å få, opplevde biskop Kari Veiteberg.
I sin begrunnelse sier Mållaget blant annet:
"Vi opplever at Kari Veiteberg er medviten språket sitt. Ho snakkar rett fram og enkelt. Det skal vere forståeleg. Siste søndagen før jul var ho og kongefamilien saman i ei adventshøgtid i Slottskapellet. Biskopen heldt andakta. Det ho trekte fram var at sjølv om alle seier «gledeleg jul» og syng «glade jul» så er dei fyrste orda frå englane i juleforteljinga: «Frykt ikkje. Ver ikkje redde.» Med få ord gav ho håp til folk framfor ei annleis julefeiring i ei annleis og krevande koronatid.
Nynorsken og dialektane våre er med å gjev oss identitet. Kari Veiteberg brukar språket på ein måte som gjer trua nærare for dei som trur og meir levande for dei som ikkje trur.
Styret i Noregs Mållag veit at vi treng frimodige nynorskbrukarar. Vi er svært glade for at biskop Kari Veiteberg er med å føre nynorsken vidare som eit godt kyrkjemål, og ikkje minst tøyer og vrir på nynorsken vår slik at språket også skal vere der, klar til bruk for nye generasjonar."
Du kan lese hele begrunnelsen på Mållagets nettsider.