I Nissedal kommune er det no 1476 menneske, konfirmantane er få, men likevel har dei samla inn 400 000 kroner til Kirkens Nødhjelp sidan 1998. Årets aksjon gav 25 000 til Kirkens Nødhjelp.
Ein viktig grunn til desse gode resultata er måten aksjonen vert organisert på. Denne organiseringa står INGER JOHANNE AAHEIM (66) på Fjone i Nissedal for.
I over tretti år har Inger Johanne trufast – i samarbeid med ulike prestar og varierande konfirmantflokkar – organisert den årlege Fasteaksjonen.
Ved sida av sitt engasjement for Kirkens Nødhjelp har ho vore i Diakoniutvalet, Yngres på Fjone i 30 år soknerådet og sundagskule, både lokalt og regionalt.
Sundag kveld fekk Inger Johanne Aaheim overrekt Diakoniprisen for Vest- Telemark av styreleiar i Diakonatet, Oscar J. Garnes, under ei samling i Nissedal kyrkje .
Denne prisen er delt ut sidan 1994 og går til folk som på særleg vis har arbeid etter den definisjon av som seier at « diakoni er evangeliet i handling».
Av Eilev Erikstein og Olav Jakob Tveit (foto)