Prisvinnaren har i meir enn 30 år vore med i sokneråd. Dei fleste som leiar, og slik vist at ho er villig til å ta ansvar i lokalsamfunnet og i den lokale kyrkja.
Ho, ja for det er ei kvinne vi snakkar om, har drive søndagsskule i mange år, og ho er medlem av samarbeidsutvalet for trusopplæringsarbeidet i sin kommune.
Nylig har ho også tatt initiativ til å etablere eit diakonalt prosjekt der formålet er å styrke tilbodet til eldre.
Pilegrimsleia til Røldal går gjennom soknet der ho bur, og prisvinneren er pilegrimsvert og tar årleg imot slitne pilegrimar på veg mot Røldal.
Ansvarskjensla viser seg og i at prisvinnaren er aktiv i anna samfunnsbyggande arbeid i bygda si, og ser diakonien som god bygdeutvikling og nyt derfor stor respekt for arbeidet sitt.
Diakoniprisen for 2016 vart delt ut av styreleiar Oscar J. Garnes under årets Diakonisamling for Vest-Telemark i Kviteseid sundag 3. april.