Med utskore treskilt med påskrifta "Kyrkja i Vest-Telemark" heldt dei til på ein stand midt i folkehavet. I løpet av helga ventast det oppimot 100.000 menneske på Dyrskueplassen i hjarta av Telemark. Og sidan kyrkja vil vere der folk (og fe) er, let dei ikkje sjansen gå frå seg.
- Prost Asgeir Sele (t.v. på biletet) har teke med seg heile kontoret sitt hit. Det vil seie datamaskina, telefonen og sofaen. Vi kjem i prat med mange. Det er både kjekt og viktig å vere her, seier prostidiakon i Vest-Telemark, Eilev Erikstein (t.h. på biletet). Her kan folk bestille både dåp og bryllaup, og dei kan snakke om store spørsmål i livet.
Roald Guttormsen frå Kirkens Nødhjelp fokuserer på reint vatn og rein energi, og har med seg solcellepanel og informasjon om korleis ein kan hjelpe folk til å få vatn og straum i den tredje verda.
Dyrskuet i Seljord jubilerer med 150 år i år, og har difor storfin vitjing av dei kongelege.