Sylvkunst, gode handtrykk og internasjonale impulsar

Onsdag 8. februar starta biskop Stein Reinertsen sin visitas i Valle og Bykle. Gode handtrykk, tradisjonsrik kultur, men også internasjonale impulsar, prega visitasen i det fine vinterveret.

Biskop Stein Reinertsen vitjar Valle videregåande skole, sylv- og gullsmedlinja.

Vitjinga på sylvsmedlinja på Valle videregående skule var interessant og lærerikt. Sylvsmedyrket har lange tradisjonar i Setesdal, og Valle vidaregående skule er ein av berre tre skular i Noreg som utdannar sylv- og gullsmedar. I samtale med elevane fekk biskopen også innblikk i dei etiske utfordringane med utvinning av gull.

Middagen hadde biskopen og hans fylgje saman med flyktningane i bygda på Internasjonal kafe. Her vart det servert gode rettar frå Burma, Syria og Eritrea.

-Valle kommune har teke i mot mange flyktningar. Eg er imponert over kor godt dei ser ut til å vere integrert, seier biskop Stein Reinertsen.

På dagsenteret på Valle alders- og sjukeheim møtte biskopen blant anna Torjus Nomeland (91). Han har vore lærar i ein mannsalder og lærte seg hebraisk etter at han blei pensjonist! Det er eit språk også biskopen har lært seg som ein del av presteutdanninga.

På programmet onsdag 8. februar stod også eit møte med kommueleiinga og formannskapet og ein samtale med konfirmantane i Valle kyrkje. På kvelden vart det skipa til ein fantastisk kulturkveld der dei medverkande stilte gratis opp.

Setesdalen er ufatteleg rik på kulturminne. I Hylestad kyrkje i Valle, fekk biskopen og hans følgje sjå ein kopi av portalene fra den gamle stavkyrkja frå 1200-tallet som i dag står på Norsk folkemuseum. Utskjæringane skildrar det kjende mellomalder-sagnet om Sigurd Fåvnesbane.

9. februar haldt visitasen fram i Bykle. Dagen starta med morgonsamling i Fjellgardane kyrkje og møte med turistnæringa på Hovden Fjellstoge. Sidan vart det møte med dei tilsettte på Bykle skule.

Visitasen vart avslutta med gudsteneste og kyrkjekaffe i Bykle nye kyrkje søndag 12. februar.

Fleire bilete nedst på sida. Klikk på bileta for å sjå galleri. Fotografar er Karin Bøe og Tor Hallvard Mosdøl.

 

 

 

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"