Her samlast ungdom frå heile Bjørgvin bispedømme for å bli inspirert, utfordra og kopla saman i tru og engasjement.
Kva skjer?
To dagar stappfulle av opplevingar – her er noko å gle seg til:
🎸 Fellessamlingar med Band og lovsong
🎤 The Voice-seminar – lær å bruka stemma di, både på scena og i livet
🏐 KRIK og Sport – bli med på aktivitet og moro ute og inne
💬 Samtalar om tru og livet – ekte, ærlege og opne
🔥 Inspirasjon til ungdomsarbeid – ta med deg idear heim til kyrkjelyden din
Tid og stad
Dato: 30.–31. august 2025
Stad: Nykirken, Bergen (Strandgaten 197b)
Overnatting: Clarion Hotel Admiral
Vi overnattar frå laurdag til søndag. Kjem du langvegsfrå? Då blir det ein chill førkveld på hotellet fredag!
Pris
Kr. 400 for delegatar til Ungdomstinget
Kr. 600 for andre deltakarar
Program
Det er framleis under utvikling – men me lovar at det blir både meiningsfullt og morosamt!
Kven er det for?
For deg som går på vidaregåande eller eldre og har ein funksjon i ungdomsarbeidet i kyrkja di, eller om du er med på MILK, REACTION eller eit anna 10. klasse-opplegg i kyrkja di.
Ungdomstinget
To frå kvar kyrkjelyd er delegatar laurdag kl. 12-17. Ungdomstinget samlast på hotellet, medan andre deltakarar har parallellprogram i Nykirken.
Ungdomsting
Når: Lørdag 30. august 2025
Hvor: Clarion Hotel Admiral
Ungdomsrådet i Bjørgvin bispedøme kallar inn til Ungdomsting 2025. Saksdokumenta er under utvikling og blir sendt ut når dei er klare. I utgangspunktet kan kvar kyrkjelyd sende to delegatar. Sjå Reglar for ungdomsdemokratiet i Bjørgvin bispedøme (lenke nedst på sida) for meir utfyllande informasjon.
Saker:
0125: What would Jesus do?
0225: Unge i kirken for bærekraft
0325: Kirken for unge
0425: Fokussak 2026
Påmelding innan 20 juni
Lenke til påmelding nedst på sida.
Arrangør: Ungdomsrådet i Bjørgvin bispedøme