Biskop Ragnhild les Landslova på NRK1

Biskop Ragnhild er ei av om lag 100 personar som les Landslova ord for ord i ei 750 minuttar lang maratonsending laurdag 24. august.

Hans Olav Brenner og Linda Eide leier maratonsendinga Landslova ord for ord (skjermdump frå NRK)

I år er Magnus Lagabøtes landslov 750 år. Lova blir feira på NRK laurdag 24. august i programmet «Landslova ord for ord» med Linda Eide og Hans Olav Brenner som programleiarar. I løpet av 750 minuttar skal heile Landslova lesast frå perm til perm. Maratonsendinga har fleire innslag frå Bergen, der lova vart laga, og frå Gulatinget der biskop Ragnhild er denne helga.

Direkte frå Gulen

Innslaget med biskop Ragnhild Jepsen kjem kl. 14.29. Ho er i Gulen i høve Gulatinget 2024. Der er 750-årsjubileet for landslova naturlegvis med å prege programmet. Biskopen, som og er medlem av jubileumskomiteen for landslovjubileet i Vestland, skal lese to kapittel som handlar om skipsfart. 

Det vert og innslag frå dei andre tingstadane; Frosta, Eidsvoll og Sarpsborg, og frå Oslo, Tromsø og Bergen. I Bergen er Håkonshallen og Rosenkrantztårnet sentrale, og det vert fleire direkte-innslag frå Domkirken. Denne kyrkja var tidlegare kjend som Olavskyrkja til fransiskanarane, og desse hadde sterk påverknad på Magnus Lagabøte og Landslova.

 

Sending på NRK1 og NRK2

«Landslova ord for ord» vil i hovudsak gå på NRK1. NRK2 har sendinga i tidsrommet 19.00 til 21.50 på laurdagskvelden og når Kveldsnytt startar på NRK1 kl. 23.00

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"