I samband med delinga blir det etablert eit kyrkjebevaringsprogram. Den norske kyrkja får både bygningsmasse og land, men også pengar til vedlikehald av kyrkjer over ein tidsperiode. Storleiken på kyrkjebevaringsprogrammet tilsvarer verdien av dei eigedelane som staten beheld i OVF (over 10 milliardar kroner). Les meir om kyrkjebevaringsprogrammet via lenke nedst på denne sida.
Det kan bli lyst ut andre midlar til satsingar i kyrkjelydane, men ikkje på same måte som ved OVF-midlane.
OVF-midlane har opp gjennom åra gått til oppstart av ulike prosjekt innan barne- og ungdomsarbeid, diakoni, kultur og vennskapssamarbeid i kyrkjelydar, bispedøme og organisasjonar.
Det kan derimot bli lyst ut stimulerings- og prosjektmidlar frå kyrkjerådet innimellom. Oversyn over desse vil ein kunna finna på
https://kirken.no/stotte.
Hausten 2022 kan ein der søkja på stimuleringsmidlar for å starta sorggrupper for unge (søknadsfrist: 1. desember).