Temakveld med biskopen om fred

Fred er tema for den siste kvelden i ei rekkje på seks der biskopen i møte med gjester har sett på kvar av «Guds fire døtre», rettferd, sanning, miskunn og fred. I Bergen domkirke, 21. november kl. 19.00 kan du høyra domprosten i Coventry, The Very Revererend John Witcombe og lagmann, dr. juris Hanne Sophie Greve, saman med biskopen. Innlegg og samtalar denne kvelden blir på engelsk.

Cross of nails markerer Bergen domkirke sin plass i fellesskapet med base i Coventry cathedral og med fred og forsoning som sitt store mål. Høyr om dette og om fred etter væpna konflikt på temakvelden 21. november.

Ein særleg kross i domkyrkja

Innlegg og samtale med biskopen blir om «Fred og forsoning etter væpna konflikt» i ramma av det internasjonale fellesskapet «Cross of nails» som har sitt opphav i Coventry cathedral og som Bergen domkirke også er medlem av. Biskopen fortel at det er eit særleg samband mellom katedralen i Coventry og Bergen domkirke, og dette handlar om fred og forsoning.  

– Mellomalderkatedralen i Coventry vart bomba av tyskarane 14. november 1940. Av tre store naglar frå katedralen som vart funne etterpå, vart det laga ein kross. Sidan er hundrevis av slike krossar laga og gjeve til kyrkjer og ulike organisasjonar over heile verda som eit teikn på fred og forsoning.

Mellom alle desse som tok i mot ein kross, er også Bergen domkyrkje. I 1974 vart det danna eit økumenisk fellesskap av dei som har denne krossen; Community of the Cross of Nails. Og mange av medlemene i dette fellesskapet held kvar fredag ei middagsbøn; the Coventry Lithany of Reconcilliation. Så også her i domkyrkja, seier biskopen.

Inspirerande om landslova

Portrett av prosten av Coventry, John Witcombe

–  Forteljinga om korleis vi i Coventry, heilt tilbake til åra etter krigen har bygd opp att vårt forhold til Tyskland på same tid som vi bygde opp at både katedralen og byen vår, har inspirert folk i snart 80 år, fortel domprosten i den engelske industribyen. – Eg skal dela om dette og høyra kva som har blitt gjort i Noreg opp gjennom historia med fred og forsoning i samfunnsliv og lovverk, seier domprost John Witcombe som finn koplinga mellom Guds fire døtre og Magnus Lagabøte si landslov særs inspirerande.

Den vanskelege freden

Portrett av Hanne Sophie Greve

I tillegg til domprosten frå Coventry, har biskopen invitert Hanne Sophie Greve, som særleg har utmerka seg med arbeidet med menneskerettsspørsmål og i ulike folkerettsdomstolar. Frå 1998-2004 var ho domar ved Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg.

– Vi vil ha ein kveld som handlar om det vanskelegaste av alt: Korleis skape fred mellom menneske? Er fred mogleg å oppnå, spør biskopen.

Draumkvedet

Fordi denne kvelden også markerer at verdiåret med kristenretts- og landslovsjubilea går mot slutten, vil kvedaren Berit Opheim framfører delar av Draumkvedet.

Temakveldane blir arrangert av Bjørgvin bispedøme, saman med Bjørgvin kirkeakademi og Bergen domkirke. Dei er ein del av Landslovsjubileet i Vestland som er eit samarbeid mellom: 

Logorekke landslovsjubileet i Vestland som er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Bymuseet, Høgskulen på Vestlandet, Bjørgvin bispedøme, Moster 2024, Bergen kommune, Statsforvaltaren i Vestland og Vestland fylkeskommune.

Temakveldane er i tillegg støtta økonomisk av Bergens Riksmålsforening.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"