Ny vandring på Pilegrimsvegen til Røldal

Røldal er pilegrimsmål også frå andre delar av landet. 1. september blir det vandring frå Svandalsflona i Telemark.

Pilegrimar til Røldal kyrkje. Foto: Dag Kvarstein

Om du ikkje har gått pilegrimsvandring til Røldal, kan du bli med 1. september. Då arrangerer Øvre Telemark prosti ei vandring frå Svandalsflona til Røldal. Det er ei dagsvandring på 13 kilometer. Turen går frå Svandalsflona kl. 10.30, og målet er gudsteneste i Røldal stavkyrkje kl. 16.00.

Agder og Telemark bispedøme har hatt si pilegrimssatsing knytta til Røldal og stavkyrkja der i ei 20-års periode som fleire dagars vandringar. No samarbeidar dei óg med Øvre Telemark prosti om ei dagsvandring.  

Velkomen!

Meir informasjon i programmet:

ØVRE TELEMARK PROSTI ARRANGERER PILEGRIMSVANDRING FRÅ SVANDALSFLONA TIL RØLDAL SUNDAG 1. SEPTEMBER 2024 - i samarbeid med Agder og Telemark bispedøme 

Har du drøymd om å kome til pilegrimskyrkja i Røldal, men enno ikkje fått høve? 

No let det seg gjere. 

Sundag 1. september 2024 arrangerer Øvre Telemark prosti og Agder og Telemark bispedøme ei vandring frå Svandalsflona til Røldal kyrkje. I Røldal tek kyrkjelyden imot oss med ei pilegrimsmesse. 

Turen er på 13 kilometer, ein del nedoverbakke, noko opp, før ein igjen tippar ned mot pilegrimsbygda Røldal, og kyrkja med det sveittande krusifikset. 

  

PROGRAM: 

Start frå Svandalsflona kl. 10.30 

Framme til gudsteneste i Røldal stavkyrjke kl. 16.00 

Inga påmelding. Det er berre å møte opp ved Svandalsflona. 

Ta med mat og kaffi. 

 

ARRANGØR 

Øvre Telemark prosti 

Eilev Erikstein, prostidiakon, mobil: 91113580 

Asger Sele, prost, mobil: 41566043 

 

Denne artikkelen er klippa og limt frå Agder og Telemark bispedømme.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"