- Aktivitetshefte for 5. - 7. trinn
- Samtaleopplegg for unge i konfirmantalder
- Samtaleopplegg for ungdom i vidaregåande skule-alder
- Samtaleopplegg for vaksne
Samtaleopplegg for unge
Opplegg for unge i konfirmantalder
Gud er alle sin ven - Kva har det å seie for menneskesynet at Gud er alle sin ven, ein vesentleg tanke i kristendomen, i motsetnad til korleis det var i norrøn tru? For filmklipp: Sjå første del av første episode. Evt. dette redigerte klippet (5:50 min.) eller dette redigerte klippet (3:45 min.) Utarbeida av rådgjevar for trusopplæring og ungdom ved Bjørgvin bispedømekontor, Torfinn Wang.
På Tingsteinen er eit opplegg om verdiar. Kva verdiar ville du løfta fram på Tingsteinen i dag? Dette er eit godt utgangspunkt for verdisamtalar med ungdom. Utarbeida av rådgjevar for trusopplæring og ungdom ved Bjørgvin bispedømekontor, Torfinn Wang.
Verdisamtalar er sentrale i markeringa av landslovjubileet 2024, men kan og knyttast til jubileet for kristenretten. Dette undervisningsopplegget handlar om verdiar i samfunnet vårt. Utarbeida av Ragnhild Godal for Regionalt pilegrimssenter Smøla.
Opplegg for vidaregåande skule-alder
Frå Kulisteinen til Christian 5’s lov er eit samtaleopplegg der vi ser nærare på kva Kulisteinen som vi møter i episode ein, kan fortelje oss i dag og den vidare utviklinga til Christian den 5’s lov. Utarbeida av lektor ved Bergen private gymnas, Joakim Stegen Tischendorf.
Sjå gjerne videoutdraget om Kulisteinen her: Videoutdrag Kulisteinen
Kristenretten – Noreg frå krigersk stammesamfunn til eit fredeleg europeisk land
Dette er eit opplegg for vidaregåande skule, men element kan brukast i alle målgrupper. Klipp frå TV-serien er integrert i presentasjonen. Opplegget har forankring i tverrfaglege tema “Demokrati og medborgerskap”, med lenker inn til formål, kjerneelement og kompetansemål i fleire fag. Undervisningsopplegget er laga for «Damaris skole» av Kent Andersen og tilrettelagt av Stig Tore Aaberg.
Refleksjonsoppgåve om demokrati
Her finn du eit undervisningsopplegg om demokrati, med forslag til samtalar og ulike kreative oppgåver. Du finn og to filmklipp fra serien, på ca. tre til fem minutt, til bruk i opplegget. Utarbeida for oss av Sissel Kulild, seniorrådgjevar RKBU Vest - Regionalt kunnskapssenter for barn og unge.
Refleksjonsoppgåve om makt og privilegier
Her finn du eit undervisningsopplegg om kristenretten og Noreg som ein rettstat. Opplegget har forslag til samtalar og ulike kreative oppgåver. Du finn og to filmklipp fra serien, på ca. tre til fem minutt, til bruk i opplegget. Utarbeida for oss av Sissel Kulild, seniorrådgjevar RKBU Vest - Regionalt kunnskapssenter for barn og unge.
Samtaleopplegg for vaksne
Samtaleguiden (lang og kort versjon) er laga av Bjørn Are Davidsen frå tankesmia Skaperkraft. Denne kan ein bruke etter å ha sett alle episodane. Den lange versjonen går grundig inn på dei ulike temaa, medan den korte versjonen gir ein kort og konsis oppsummering med refleksjonsspørmål knytta til dei tre episodane. Opplegget er for alle, men passar kanskje best for vaksne.
Aktivitetshefte for born i 5. – 7. klasse-alder
Aktivitetsheftet "Verdiar i tusen år" er utvikla av IKO Kirkelig pedagogisk senter på oppdrag frå Moster 2024. Heftet har forslag til undervisningsopplegg om tusenårsjubileet, norsk kulturarv og kristenretten si tyding for Noregs historiske og samfunnsmessige utvikling. Opplegget er primært mynta på lærarar på mellomtrinnet, men vil enkelt kunne tilpassast andre alderstrinn. Illustrasjonane i heftet er frå Egil Nyhus og jubileumsboka 'Moster iz da thing'.
Frittståande opplegg :
I serien tek Bjørn Are Davidsen for seg ein del myter han meiner eksisterer. Han har kledd seg ut som detektiv i Sherlock Holmes-drakt og forsøker å finne ut om dette stemmer. Desse tre myteknusarvideoane kan du bruke som utgangspunkt for samtalar:
1 Kom fornuft og vitenskap først i opplysningstiden? (vimeo.com)
2 Fikk vi ikke gode verdier før etter opplysningstiden? (vimeo.com)