Visitas i Knarvik og Lindås

To av sokna i Alver, Knarvik og Lindås, hadde visitas frå biskop Ragnhild Jepsen 22. - 26. oktober 2025. Les omtale og visitasføredrag her.

Publisert:

Frå spørjetime for 1. - 4. trinn på Lindås skule. Foto: Torfinn Wang
Frå spørjetime for 1. - 4. trinn på Lindås skule. Foto: Torfinn Wang

Biskopen si oppsummering frå facebook, finn du her: 

Eg er fyllt av takksemd etter flotte visitasdagar i Alver kommune, i Knarvik og Lindås sokn denne gongen. Etter kommunesamanslåing og soknesamanslåing i 2019, er det fint å sjå at sokneråd og stabar er på plass og arbeider godt for å gjere kyrkja truverdig til stades i lokalsamfunnet.

Programmet var allsidig og interessant, med familiegudsteneste søndag som høgdepunkt. Eg hadde blant anna eit triveleg møte med min forgjengar biskop Ole, var på spørjetime med 10.klasse på Knarvik ungdomsskule og på besøk på Håkonshaugen, staden der ein trur Håkon den gode er gravlagd. Soknerådsleiarane Hildur og Turid utøver godt leiarskap, og i Knarvik var det sokneprest Cathrine som hadde hovudansvar for gudstenesten søndag, saman med gode medarbeidarar i begge sokna.

Fire utfordringar

Visitasføredraget kan du lesa via lenke nedst på sida. Det avsluttar med fire utfordringar som biskopen har gjeve til sokna:

  • Gudstenestene: Arbeid vidare med gudstenesteforordninga, og finn fram til ein rytme som tek vare på kyrkjelydane og som er i tråd med ressursane vi har.
  • Frivillige: Hald fram med det gode arbeidet med å ta vare på dei frivillige mellom dykk. Då blir det lettare å spørje etter fleire medarbeidarar.
  • Kyrkja som samfunnsaktør: Ver frimodige og tenk korleis de kan vere truverdige medaktørar som kyrkje i lokalsamfunnet. Hald ordføraren fast i at ho vil invitere til eit møte i januar, der de saman kan sjå kva de kan gjere for ungdomane mellom oss som treng å bli sett.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"