Visitas i Bjørnafjorden - Fusa og Os

Biskop Ragnhild møtte to sokn med høg aktivitet då ho var på visitas i Bjørnafjorden 11. - 13. november, med visitasgudsteneste 23. november.

Publisert:

Eit felles møte med tilsette og sokneråda er alltid del av ein visitas. Her frå møtet i Fusa kyrkje.
Eit felles møte med tilsette og sokneråda er alltid del av ein visitas. Her frå møtet i Fusa kyrkje.

Biskopen oppsummerte besøket på denne måten på si facebookside: 

– Det er imponerande å sjå alt det gode arbeidet, og ikkje minst dei gode relasjonane som kyrkja er del av i lokalsamfunnet. Eg har mellom anna vore på skulebesøk i sjetteklasse, på kveldsbøn i Fusa kyrkje, på minglemiddag og konfirmantsamling. Og i dag avslutta vi programmet på vakre Kongshaug musikkgymnas. Der hadde elevane førebudd ein flott konsert for biskopen med fylgje!

I vistitasføredraget la biskopen bl.a. vekt på den store aktiviteten i sokna.

– Kyrkja i Fusa og kyrkja i Os er ulike på mange vis, og slik sett så kunne eg har vore på nesten to visitasar. Men de har også mykje felles: De er bl.a. velsigna med to veldig gode stabar, i tillegg til ei veldriven driftsavdeling som leverer tenester på høgt nivå på dei mange gravplassane og kyrkjebygga i kommunen, sa biskopen som var på den første visitasen i Bjørnafjorden etter at dette vart ein felles kommune for Fusa og Os.

Del av lokalsamfunnet

Biskopen sette stor pris på å få besøka både ein sjetteklasse i Eikelandsosen og å svara på spørsmål frå heile 10. trinn på Os ungdsskule. 

– Det slår meg kor dyktige medarbeidarar me finn både i kyrkja og på skulen, med omsorg for elevane og med syn for korleis ein kan bygge gode miljø for ungane. I eit kjent afrikansk ordtak heiter det «it takes a village to raise a child» - det krev eit lokalsamfunn for å gje eit barn ein god oppvekst. Eg er glad for at kyrkja, skulen og kommunen kan samarbeida om denne viktige oppgåva, med respekt og på ein måte som gjer at me alle kan bidra med vårt, sa biskopen.

Det var også tid til eit møte med kommuneleiinga, ved ordførar, varaordførar og to kommunalsjefar. Det var semje om fleire møtepunkt gjennom året mellom kyrkja og kommunen.

Biskopen konstaterte at begge sokn er midt i ein strategiprosess der ikkje minst busetnaden av innbyggjarar/demografien har mykje å seie for kva ein må ta omsyn til. 

Ho oppmoda kyrkjelydane i Fusa og Os til å henta inspirasjon frå kvarandre, men også til å samtala med sokn som har same utfordringar som dei. For Os sin del, kan det f.eks. vera dei andre store kommunane rundt Bergen.

Utfordringar frå biskopen

  • Hald fram med å spørja kva me lengtar etter at kyrkja skal bety for folk og kva som er umisseleg for oss
  • Ta godt vare på dei frivillige
  • Inviter gjerne til samarbeid med fleire kristne lag og forsamlingar, der det høver og vert opna for
  • Våg å vera stille for Gud og søkja nær Kristus

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"