50-årsjubileum for Kilsfjord kyrkje

Sundag 21. april var det jubileumsgudsteneste i Kilsfjord kyrkje.

Frå venstre: Målfrid Straume, Ove Aksnes, Martine Hjertvik Urke, Ida Mari Bjørkedal, komande sokneprest Kristine Bleikli Myrene (bak), Ingeborg Matre, Constanze Gûnther Lindner, Sølvi Dimmen, Steinar Conradsen, Ingeborg Midttømme, Rolf Schanke Eikum (bak), Marin Eikebø Helset, Olav Gading, Kjell-Roger Isene, Gunnar Skrede, Einar Lyngnes Dahle (bak) og Ottar Almås. Bilete: Annita Søvik

Det var arkitekt og ørsting Alf Apelseth som teikna kyrkja, og den sto klar 28. april 1974. Jubileumsgudstenesta var godt besøkt, for mange ville feire det 50 årige byggverket. 

- Femti år for ei kyrkje er ikkje så lenge. Vi ser bakover i takksemd, og framover i håp og forventning, sa prost Ingeborg Matre. Preika vart halt av biskop Ingeborg Midttømme. 

Folkestad/Tonika Musikkorps spelte, koret Fjordafolk deltok med song, Ragna Hofset Kile dansa ein dans som Solveig Styve Holte hadde koreografert. 
Komande sokneprest Kristine Myrene Bleikli og kyrkjelydspedagog Martine Hjertvik Urke var med på gudstenesta. Ein annan hedersgjest var prest Gunnar Skrede. Han var til stades både på innviinga i 1974, og no 50 år etter på jubileumsgudstenesta.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"