Bibelsporet viser veg

No er 25 undervisningstilsette og prestar i Møre sertifisert som kursholdarar i undervisningsopplegget Bibelsporet.

Bibelsporet viser veg

Bibelselskapet har saman med lokal arrangør på Hareid og i Kristiansund den siste månaden satt opp og gjennomført to kurs for dei undervisningstilsette i Møre bispedømme.

«Eg har oppdaga Bibelen, forteljingane og samanhengen mellom forteljingane på nytt. Veldig inspirerande og ikkje eit kjedeleg sekund!», seier ein av deltakarane.

Kursdeltakarane har gjennom tre dagar fått lære seg 73 ulike teikn/ handbevegelsar med tilhøyrande nøkkelord som gjev frampeik på forteljinga, samanheng mellom forteljingane og ei unik oversikt over tidslinja i Bibelen. Det vart nok opplevd overveldande den første dagen av kurset, men iherdig øving kombinert med nøye utvalde bibelforteljingar så var det imponerande å sjå, høyre og vere deltakande observatør tredje dagen! Alt inspirerande leia på beste måte av Anne Kristin Aasmundtveit og Helene Fagervik frå Bibelselskapet.

Anne Kristin Aasmundtveit frå Bibelselskapet.

 

  «Eg har vore på mange kurs i mitt liv kor eg like gjerne kunne klipt graset – dette var ikkje et slikt kurs!»

Bibelsporet (tidlegare Vandring gjennom Bibelen for born) er eit ikkje-forkynnande undervisingsopplegg rundt Bibelen i skulen, der formålet er å presentera samanhengen i bibelforteljingane.

Undervisingsopplegget er laga som ein ressurs for lærarar som underviser i faget KRLE.

  «Vi trur at det å kunne sjå samanhengen mellom bibeltekstene kan vera med og gje forståing for og refleksjon rundt kristen tru og religiøs praksis, samt nasjonal og internasjonal kristen kulturtradisjon og plass i samfunn presentert gjennom, historie, kunst og kultur», seier Anne Kristin Aasmundtveit frå Bibelselskapet.

Helene Fagervik frå Bibelselskapet under ein av kursdagane.

Konkret formidlar Bibelsporet forteljingar frå jødisk (Tanakh) og kristen tradisjon, gjennom bibelske forteljingar frå Det gamle og Det nye testamentet med søkelys på dei forteljingane som har vore med på å forma vår kultur. Dette vert formidla munnleg gjennom ei tidsline av forteljingar som inviterer til aktiv elevmedverknad og engasjement. Elevane får i løpet av fire skuletimar ei unik oversikt over samanhengen mellom forteljingane. 

Tilbakemeldingane frå kursdeltakarar, lærarar og elevar er at Bibelsporet er inspirerande, pedagogisk og ein annleis måte å læra på for elevane.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"