Høyring om endringar av prostigrenser i Møre

Etter nokre år med erfaringar og tilbakemeldingar er det naudsynt å vurdere nokre av prostia i Møre bispedøme på nytt.

Dei noverande prostigrensene i Møre bispedøme.

Bispedømerådet har vedteke å sende ut ei høyring om revisjon av prostigrensene.

Du kan laste ned høyringsdokumenta nedst på denne sida.

Enkeltpersonar kan gje innspel til høyringa her, trykk på denne lenka. Frist for høyringssvar er 12. april 2024.

Alle som har fått tilsendt høyringsbrev, svarar til more.bdr@kyrkja.no. Dette gjeld sokneråd, kyrkjelege felleråd, kommunar, prostar og tillitsvalte.

Dei noverande prostigrensene har eksistert sidan 2019 (med verknad frå 2020). Utgangspunktet den gongen var endringar av kommune- og fylkesgrenser, som og fekk innverknad på den kyrkjelege inndelinga.

Med bakgrunn i erfaringar, observasjonar og tilbakemeldingar vart det i 2023 satt ned ei arbeidsgruppe for å vurdere justering evt. endring av prostigrensene. Dette gjeld for prostia: Molde domprosti, Indre Romsdal prosti, Nordre Sunnmøre prosti og Søre Sunnmøre prosti.   

I desse fire prostia har ein ulike utfordringar, mellom anna når det gjeld størrelse på stabar, arbeidsmengde, geografiske avstandar og reiseveg.

Både med omsyn til arbeidsmiljø, rekruttering, tilsettingssituasjon og andre utfordringar, er det ønskjeleg å skape meir tenlege einingar.

Målsettinga er robuste, fleksible, og berekraftige prosti. Då kan prostia verken vere for små eller for store. Til dømes vil eit stort prosti med mange sokn vere meir arbeidskrevjande med omsyn til kontakt, oppfølging og leiing, enn mindre prosti. Små prosti vil på den andre sida gje mindre fleksibilitet når tenester skal fordelast, eller når det er sjukdom, ferier og andre fråvær.

Arbeidsgruppa har drøfta både løysningar som reduserer tal prosti, og løysningar som endrar grensene mellom prostia. No står fem ulik modellar for nye prostigrenser att, og desse blir sendt ut på høyring. Modellane er som følger:

MODELL 1 – status quo sidan 2019 – inga endring, 6 prosti

MODELL 2 med 6 prosti. Indre Romsdal og indre deler av Nordre Sunnmøre prosti (alle sokna i Storfjorden) blir eit nytt prosti

MODELL 3 med 5 prosti. Indre Romsdal prosti og Molde domprosti blir eit nytt Molde domprosti

MODELL 4 med 5 prosti. Indre deler av Nordre Sunnmøre prosti (alle sokna i Storfjorden) blir ein del av Søre Sunnmøre prosti

MODELL 5 med 5 prosti er ein kombinasjon av modell 3 og modell 4. Indre deler av Nordre Sunnmøre prosti (alle sokna i Storfjorden) blir ein del av Søre Sunnmøre prosti OG Indre Romsdal blir ein del av Molde domprosti.

Du kan gje di stemme til modellen du meiner passar best ved å trykke på denne lenka: Høyring: revisjon av prostigrenser i Møre bispedøme 2024. NB: Alle som har fått tilsendt høyringsbrev, svarar til more.bdr@kyrkja.no. Dette gjeld sokneråd, kyrkjelege felleråd, kommunar, prostar og tillitsvalte.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"