Informasjonsmøte om ny lov om trus- og livssynssamfunn

Møre bispedømeråd inviterer kyrkjelege høyringsinstansar for ny lov om trus- og livssynssamfunn til informasjonsmøte i Molde 8. november. Innleiarar frå departementet, Kyrkjerådet og Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon vil orientere om prosessen.

Framlegget til ny lov om trus- og livssynssamfunn (trussamfunnslova) er eit dokument på 230 sider, der lovutkastet følgjer til slutt i dokumentet. 40 paragrafar i dagens kyrkjelov er foreslått redusert til eit kapittel med 9 paragrafar.

Møtet blir halde i salen ved Molde kulturskole (inngang Veøygata) og varer frå kl. 16 - 19.

– Eg helsar dette høyringsutkastet velkomen og er glad for det omfattende arbeidet som er lagt ned, seier biskop Ingeborg Midttømme. Ho peikar på at lovutkastet er i samsvar med intensjonane i Grunnlova sin § 16, der prinsippet om fri religionsutøving og at alle trus- og livssynssamfunn skal bli stødde på lik line er fastsett. 

– Det viktigaste med høyringsutkastet er at det trekkjer opp hovudlinjene for trus- og livssynssamfunn sitt framtidige tilhøve til staten  - og desse perspektiva må vi løfte fram under informasjonsmøtet.

– Høyringsutkastet er eit viktig dokument når det gjeld den kyrkjelege organiseringa etter 2020, og difor er det fornuftig av ulike arbeidslag i kyrkja kjem saman for å drøfte dette, seier stiftsdirektør Bjørn Olaf Storhaug: – Invitasjonen til møtet går til leiarane i sokneråd og kyrkjelege fellesråd, til politisk oppnemnte representantar i fellesråd og til kyrkjeverjene. Vi inviterer også prestar og prostar, andre tilsette i vigsla stillingar i bispedømeråd og fellesråd samt medlemmar i bispedømerådet. Vi vonar på stor oppslutning frå mange hald til informasjonsmøtet, seier Storhaug.

Innleiarar under møtet blir Torbjørn Backer Hjorthaug frå Kulturdepartementet, Ole Inge Bekkelund frå Kyrkjerådet og Marit H. Hougsnæs frå Kirkens Arbeidgiverorganisasjon (KA).

– Det skal også bli god tid til samtale, spørsmål og avklaringar, trur stiftsdirektør Storhaug. 

Høyringsutkastet til ny lov om trus- og livssynssamfunn inngår i regjeringa sitt arbeidet med ein heilskapleg trus- og livssynspolitikk, og styremaktene ønskjer å få så mange som råd med på samtalen om dette.

Høyringsdokumentet Lov om trus- og livssynssamfunn har høyringsfrist 31.12.17. Stortinget skal deretter vedta lova. Det vil også kome ei eiga stortingsmelding.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"