Lys vaken er eit overnattingsopplegg i kyrkja for 11-åringar. Dei fleste kyrkjelydane gjennomfører Lys vaken natt til første søndag i advent.
Namnet Lys vaken handlar ikkje om å vere vaken heile natta, men heller å vere vakne for det som skjer i oss og rundt oss. Å vere vakne for Gud, kvarandre og oss sjølve. Ikkje minst kan vi oppleve at Gud er Lys vaken for oss. Advent handlar nettopp om lyset som kom til verda. Det er dette som blir feira - i tillegg til at 1. søndag i advent markerer starten på eit nytt kyrkjeår.