Kristenrett, Landslov, verdisamtale og pizza med biskop Ingeborg og professor Jørn Øyrehagen Sunde

I år blir det markert at det er 1000 år sidan Olav den heilage innførte kristenretten på Moster og 750 år sidan Kong Magnus Lagabøte forma vår landslov

Kristenrett, Landslov, verdisamtale og pizza med biskop Ingeborg og professor Jørn Øyrehagen Sunde

I år blir det markert at det er 1000 år sidan Olav den heilage innførte kristenretten på Moster og 750 år sidan Kong Magnus Lagabøte forma vår landslov, som vart den første fungerande riksdekkande lova i Europa. Desse lovene har i stor grad bidratt til å forme Noreg slik vi kjenner landet vårt i dag.

Med bakgrunn i desse jubilea inviterer biskop Ingeborg ei gruppe med ungdommar i bispedømmet til å møte og samtale med Jørn Øyrehagen Sunde i Molde domkirke på ettermiddagen torsdag 14. mars. Sunde er professor i rettshistorie ved Institutt for offentleg rett i Oslo, forskar på Nasjonalbiblioteket, ein svært dyktig formidlar, og den fremste eksperten på Kristenretten og Landslova.

Feire fortid – forme framtid

Landslov og Kristenrett blir markert over heile landet dette året, som ein del av opptrappinga til Nasjonaljubileet 2030 – Norge i tusen år. Hovudmarkeringa er på Moster i byrjinga av juni. På vestlandet vil bispedøme og fylkeskommunar langs Kystpilegrimsleia frå Egersund til Nidaros invitere ungdom i alderen 15-30 år til Verdisamtalar som skal resultere i Verdibrev med tilrådingar for framtida. Det skal også gjennomførast ein verdiseglas langs Kystpilegrimsleia knytt til rettsjubileet.

Verdibreva frå ungdommane vil følgje denne seglasen, og skal overleverast til stortingspresidenten som er leiar Nasjonaljubileet i samband med Olavsfest i Trondheim i slutten av juli. Samtalar og seglas er ei aktivering og synleggjering av verdiane frå vår langstrakte kyst.

Verdisamtalane Feire fortid – Forme framtid, er inspirert av «Guds fire døtre» (Miskunn, Rettferd, Fred og Sanning) som var sentrale verdiar i Landslova, og er like aktuelle i dag. Målsettinga med prosjektet er at verdibreva frå dei unge kan verte vegvisarar til ei framtid med meir likeverd og demokrati.

Samling i Molde domkirke

På samlinga i domkyrkja 14. mars er målet å få utforme eit Verdibrev som skal sendast med til Trondheim i juli. Samlinga startar med pizza i domkyrkjekjellaren torsdag 14. mars kl. 17.00.

Same kveld kl. 19.00 er det foredrag i Molde domkirke med Jørn Øyrehagen Sunde om «Kongen, lova og landet». Arrangementet er eit samarbeid mellom Kirkefestuka i Molde og Bjørnsonfestivalen. "Kongen, lova og landet" med Jørn Øyrehagen Sunde (kirken.no)

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"