Landslova 750 år: Professor Øyrehagen Sunde besøker bibliotek med foredrag om Landslova

Møre bispedøme samarbeider denne hausten med Litteraturhus i Møre og Romsdal om ein foredragsturne med Jørn Øyrehagen Sunde. Tema er rettsjubileet og Magnus Lagabøte sin Landslov som blir markert dette året.

Landslova 750 år:  Professor Øyrehagen Sunde besøker bibliotek med foredrag om Landslova

Det er 1000 år sidan Olav den heilage innførte Kristenretten på Moster og 750 år sidan Kong Magnus Lagabøte forma vår Landslov, som vart den første fungerande riksdekkande lova i Europa.

Desse lovene har i stor grad bidratt til å forme Noreg slik vi kjenner landet vårt i dag, og jubilea blir markert over heile landet.

Magnus Lagabøtes landslov fungerte som lov i Norge i meir enn 400 år og er eit av dei viktigaste dokumenta vi har frå mellomalderen. Jørn Øyrehagen Sunde er professor i rettshistorie ved Institutt for offentleg rett i Oslo, forskar på Nasjonalbiblioteket, og den fremste eksperten på Landslova av 1274.

Boka «Kongen, lova og landet» er eit formidabelt verk, der Øyrehagen Sunde skriv fram ein mann og ei tid som er overraskande attkjenneleg og moderne, internasjonalt orientert og jordnær på same tid.

Biblioteka som blir besøkt:

  • Kristiansund bibliotek, måndag 30. september
  • Aure bibliotek, tysdag 1. oktober
  • Tingvoll bibliotek, onsdag 2. oktober
  • Hustadvika bibliotek, torsdag 3. oktober

 

Les meir om jubilea her:

https://www.nb.no/landslovjubileet2024

Forside (moster2024.no)

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"