Nye Røbekk gravlund opna og vigsla

Den nye hovudgravstaden i Molde vart opna og vigsla 16. oktober.

Kyrkjeverje Hans Jakob Nes (t.v.) og leiar av Molde kirkelige fellesråd, Max Ingar Mørk. Bilete: Møre bispedøme

Den nye gravlunden med plass til totalt 2000 graver står no klar nordøst for Røbekk kyrkje i Årølia. Førre gong det vart vigsla og opna ein gravlund i Molde var i august 1949 (Tøndergård).

- Det er plass til totalt 2048 graver. 1458 er kistegraver, 220 plassar er tilrettelagt for muslimsk gravlegging, det er 400 vanlege urneplassar med eigen stein og ca. 200 urneplassar med felles stein. Det er eit krav at det skal vere ledige gravplassar tilsvarande ca tre prosent av befolkninga. Molde skal no vere dekka med gravplassar i 15–20 år framover, seier kyrkjeverje i Molde domkyrkje, Hans Jakob Nes.
 
 
 
 
Førarbeidet med å få på plass ein ny gravlund starta tilbake i 2005, då ein såg at Molde sannsynlegvis trengte meir gravplassareal innan 2019. Prosessen har gått sin gong, og i 2021 tok arbeidet til på Røbekk.
 
Gravlunden har hatt ein kostnad på oppunder 50 millioner kroner. 10 000 kubikk med masse er tilført arealet, åtte båtlass med sand frå Sunnmøre er blanda i massen, det er drenering i vegane, og her er opparbeidd fint med murer, plantefelt, benkar og blomeeng. Ein finn både køyrebru og gangbru på området. Ei lita elv som renn gjennom området er flomsikra og plastra.
 
Den offisielle opningsmarkering var ved Molde-ordførar Trygve Grydeland. Vigslinga var det domprost Grethe Lystad Johnsen som sto for.
 
 
Grindaker AS, eit av landets største landskapsarkitektkontor, har stått for utforminga av Røbekk gravlund, i tett samarbeid med kyrkjeverje og fellesråd i Molde. Selskapet Advancia har vore prosjektleiar for jobben på gravplassen og Romsdal Anlegg har gjort sjølve anleggsarbeidet.
 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"