Nye nettsider på felles plattform

Dei nye nettsidene til Møre bispedøme gir samla informasjon frå den regionale verksemda og blir ein del av den felles publiseringsplattformen til Den norske kyrkja.

Nye nettsider på felles plattform

Gjennom nettsidene vil brukarar finne informasjon frå heile breidda av biskopen og bispedømerådet si verksemd: Nyheiter; biskopen; prostar og prosti; bispedømerådet sine møte; satsingsområda misjon, undervisning, diakoni og kultur; aktuelle prosjekt og tiltak – samt ledige stillingar innanfor bispedømet.

– Gjennom felles publiseringsplattform og auka informasjonsdeling går Møre bispedøme no inn som ein del av den samla kyrkjelege satsinga på nett. Vi håper dette vil gje eit endå betra tilbod til alle som brukar nettstaden, seier stiftsdirektør Bjørn Olaf Storhaug, som er ansvarleg redaktør for nettsidene.

Nettsidene er utvikla for å samhandle med sosiale medium; t.d. kan brukarar også dele artiklar og innhald fra nettsidene via Facebook og Twitter. Møre bispedøme er elles også representert med eigne facebooksider. 

Stiftsdirektør Storhaug oppmodar no alle til å ta dei nye internettsidene til Møre bispedøme aktivt i bruk:  – Kom gjerne med tilbakemeldingar og innspel til sidene og gje framlegg til forbetringar, inviterer han.

 

Tilpassa

Omlegginga til nye nettsider inneber meir tilpassing av informasjonen: Medan internettløsyinga vender seg allment til kyrkjemedlemmar og innbyggar i bispedømet, vil kommunikasjon med tilsette i kyrkja no i større grad gå føre seg på intranettplattformen Kirkebakken

– Tilsette som tidlegare fann informasjon kring fagutvikling, reglement og prosedyrer, beredskap osv. på nettsidene, vil no finne denne informasjonen på intranettet Kirkebakken, seier stiftsdirektøren. – Det er ei brei satsing på at flest mogleg at dei lokale kyrkjelege fellesråda skal integrerast i på intranettet Kirkebakken. På det viset kan tilsette i kyrkja få ein lagt smidigare og meir effektiv samhandlingsarena - og det er viktig i den omstillingsfasen kyrkja står framfor dei nærasta åra, seier han. Han trur Kirkebakken vil vere eit nyttig verktøy for kyrkjeleg tilsette.

 

Dei gamle nettsidene til Møre bispedøme vil vere tilgjengelege i ein overgangsfase, men vil ikkje bli oppdaterte.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"