Nytt prosti i Møre bispedømme

Saka om endring av prostigrenser var oppe i Møre bispedømmeråd sitt møte 7. juni.

Frå 1. januar 2025 blir Indre Romsdal og Molde domprosti slått saman til eitt prosti.

Der blei det avgjort at Indre Romsdal prosti og Molde domprosti slås saman. 

Talet på prosti i vårt bispedømme blir dermed redusert frå seks til fem prosti, med verknad frå 01.01.2025.

Namnet på det nye prostiet er ikkje klart endå. Bispedømmerådet vil i denne samanheng rådføre seg med Namnekonsulenttenesta.

Vedtaket frå Møre bispedømeråd er som følgjer:

  1. Talet på prosti i Møre bispedøme blir redusert frå 6 til 5 prosti med verknad frå 01.01.2025
  2. Indre Romsdal prosti og Molde domprosti blir slått saman til eit nytt prosti.
  3. Namnet på det nye prostiet blir fastsett i eigen sak etter uttale frå Namnekonsulenttenesta
  4. Møre bispedømeråd ber Kyrkjerådet vurdere å oppretthalde noverande tildeling av ressursar til 2 beredskapsområde i det nye prostiet.

Administrasjonen vurderer/undersøker ulike tiltak som sikrar tilstrekkeleg administrativ leiarstøtte for prosten i det nye prostiet/alle prostia.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"