Festprosesjon, ei fullsett kyrkje, fleire kyrkjekor, flott musikkfølgje og Martin Luther i eigen person var nokre av elementa i festgudstenesta. Biskop Ingeborg Midttømme heldt preika og det var helsing frå ordførarane i området som utgjer Nordre Sunnmøre Prosti.
Skodespelar Viggo Solum ga liv til reformatoren Martin Luther under og etter gudstenesta, som var ein del av Møre bispedøme si markering av reformasjonsjubileet.