Solide dåpstal i Møre

Både dåpstal og andre tal frå kyrkjelege handlingar i Møre bispedømme held seg stabilt høge.

Illustrasjonsbilete: Bo Mathisen

SSB publiserte nettopp oppdaterte og endelege tal for norske kyrkjer i 2023. Her kan ein finne tal og statistikk for aktivitetane i norske kyrkjer. Du kan sjå meir hos SSB på denne lenka: ssb.no religion og livssyn - Den norske kirke

Tala i Møre bispedømme held seg stabilt høge, samanlikna med landsgjennomsnittet. 

Andelen døypte i prosent av talet på fødde i 2023 var på 51 prosent om ein ser landet som heilheit. I Møre var denne andelen på 73,6 prosent. 

Når det gjeld konfirmasjon, eller prosentdel konfirmerte, er talet i Møre bispedømme 88 prosent. På landsbasis er det 78 prosent.

Talet på gravferder i kyrkjeleg regi held seg også høgt. Møre bispedømme ser ut til å halde 1. plassen i landet med omsyn til prosentdel av kyrkjemedlemmane som ønskjer seg kyrkjeleg gravferd. I 2023 var det 2035 kyrkjelege gravferder, og 2335 døde totalt. 

Last ned Årsrapporten til Møre bispedømme for 2023 ved å trykkje på denne lenka

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"