Statsråd Kjersti Toppe til Molde domkirke og Øre kyrkje

Statsråd Kjersti Toppe har ansvar for tru- og livssynsfeltet. Måndag besøker ho både Molde domkirke og Øre kyrkje.

Kjersti Toppe er barne- og familieminister. Måndag skal ho innom dei listeførte kyrkjene Øre kyrkje og Molde domkirke. Bilete: NTB Kommunikasjon/Statsministarens kontor

Som barne- og familieminister har Toppe mellom anna ansvar for tru- og livssynsfeltet. Så seint som i april i år talte ho til Kyrkjerådet. Då snakka ho varmt om kyrkjebevaring, å lytte til barn og unge og ga honnør for kyrkja sin innsats på arbeidet med dåp og bryllaup. No tek ho turen innom både domkirka og Øre kyrkje.

"Molde domkirke brukes til mange aktiviteter og tilrettelegger for kirkelige handlinger, møteplasser, kulturarrangementer med mer. Kirken har vernestatus som listeført kirke", skriv kommunikasjonsavdelinga til departementet som ein av årsakene til besøket. 

Besøk, omvisning og møte i Molde domkirke er frå kl. 09. Ministeren møter biskop Ingeborg, kyrkjeverje Hans Jakob Nes, sokneprest Ståle Aklestad, domkantor Magnus M. Myhre og administrasjonsleiar Ingeborg Skagestad, samt ordførar Trygve Grydeland. 

På ettermiddagen reiser Toppe til Øre kyrkje i Gjemnes kommune. Her får ho ei omvisning i den listeførte kyrkja. 

Øre kyrkje. Bilete: Halvard Hatlen

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"