Pilegrim i Møre

Å være pilegrim handlar om å være undervegs – med rom for refleksjon og livstolking – på vandring eller på reise mot eit heilagt mål.

Møre bispedømme legg aktivt til rette for kyrkjelege aktivitetar i ramma av ei aukande pilegrimsverksemd.  

Gjennom Møre går det to pilegrimsleder som er godkjente St. Olavsveger til Trondheim; Kystpilegrimsleia og Valldalsleden.

 

Kystpilegrimsleia

Kystpilegrimsleia er ei spektakulær og vakker reise langs kysten med fjordar, øyer, holmar og skjær, som tek opp att og brukar mellomalderen si seglingslei frå Rogaland til Trondheim. Leia blei offisielt opna av preses for Den norske kyrkja på Smøla i 2018. Langs heile kystleia finn vi kyrkjer og heilagstader, spor etter den tidlege kristninga av landet, kongsgardar og tingstadar, gamle handelsstadar og fyrstasjonar, i tett sameksistens med dagens kystsamfunn.

Pilegrimsleden | Kystpilegrimsleia

 

Valldalsleden

Valldalsleden er ei led frå fjord til fjell, frå kyst til innland. Ei led i fotspora til Olav den Heilage. Då han rømte landet vinteren 1028-1029 drog han sine skip på land i Valldal og derfrå gjekk han over fjellet til Lesja og Dovre. Det er denne ruta Valldalsleden følgjer. Leden blei offisielt opna hausten 2015. Valldalsleden startar på bryggja i jordbærbygda Valldal og går over til Dovre, der den møter Gudbrandsdalsleden.

Pilegrimsleden | Valldalsleden

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"