Møre bispedøme inviterer til fest og fag, med særleg fokus på kyrkja sitt viktigaste oppdrag!
Lat riket ditt koma er overskrifta over årets stiftsdagar, som blir arrangert i Ålesund 13. - 14. juni.
Mellom programpostane under Stiftsdagane 2018 er: Frå spesielt til essensielt v/ Berit Hagen Agøy, Verkemiddel for fornya dåpsfokus v/ Andreas Eidså, Biskopens time v/ biskop Ingeborg Midttømme.
Andre programpostar: konsert «Naturen syng» -Salmebilete, Gudsteneste i Ålesund kyrkje.
Påmeldingsfristen er 30. april
Arrangementet blir halde på Scandic Parken hotell, der det også er overnatting.
Prisar:
Full pensjon dobbeltrom: kr. 1950
Full pensjon enkeltrom: kr. 2250
Dagpakke, inkl. lunsj kr. 600
Festmiddag, kr. 550
Fellesråda betaler for sine tilsette. Møre bispedømeråd betaler for sine tilsette.
Reise
Reis saman, reis kollektivt! Kva med Fram ekspressbuss til Ålesund og hurtigruta «Richard With» heim? (Avgang 19:00 Ålesund, framme Molde kl. 21:45 og Kr.sund kl. 01:45)
Avtal påmelding og reisemåte med arbeidsgivar. Parkering i fjellhall «Aksla Parkering» eller i hotellkjellar.
Les meir om Stiftsdagane 2018
Har du spørsmål knytt til arrangementet kan du kontakte avdelingsleiar kyrkjeliv i Møre bispedøme, Arvid Helle - mobil: 412 16 956 - e-post: ah274@kyrkja.no
Påmeldingsfrist: 30. april Fyll ut påmeldingsmodul. Påmelding etter påmeldingsfrist kr. 300 ekstra.