Preses: - Eg har den ære å bere fram ei djup og inderleg takk for denne tenesta

Søndag var det avskjedsgudsteneste for domprost Ragnhild Jepsen i Nidarosdomen. I april tek ho til som biskop i Bjørgvin. Her kan du lese avskjedstalen, som biskop i Nidaros domprosti og preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit, heldt til domprost Ragnhild.

Preses og biskop i Nidaros domprosti, Olav Fykse Tveit, taler under avskjedsgudstenesta til domprost Ragnhild Jepsen.

Når Ragnhild Jepsen i dag avsluttar si teneste som domprost i Nidaros gjennom tolv år, er det ein vesentleg epoke som er over. Eg har den ære å bere fram ei djup og inderleg takk for denne tenesta. Det gjer eg på vegner av kyrkja. Og då meiner eg heile kyrkja vår: Kyrkja lokalt her i soknet og i prostiet, men også i byen og i bispedømmet. Ja, ei teneste for heile Den norske kyrkja. Ja, endå til på vegner av økumeniske og internasjonale samarbeidspartnarar i Jesus Kristi kyrkje på jord. 

Det er ei tid for alt. I dag er det tid for å sjå heile hennar teneste og innsats her som ei stor gåve til kyrkja, og takke.

Saman med åra føreåt som prest her i domkyrkja, har Ragnhild Jepsen sett sitt preg på livet i katedralen, men ho har også sett varige spor etter seg i Nidaros domprosti og i byen Trondheim.

Kjære Ragnhild, du har klart å formidle ei glede over det kyrkja er. Så har du hatt heilt spesielle rammer for nettopp det her i Nidarosdomen: Konkret i stein og tre, men også som kultur, musikk, bilete, og ikkje minst som fellesskap i tru, håp og kjærleik. Og du vil at kyrkja skal vere ein god arbeidsplass og eit godt arbeidslag.

Denne gleda er rotfesta i evangeliet og i ditt kall til å formidle det. Du er begeistra, du kan tale om begeistring som ei åndeleg kraft, og du kan skape begeistring for kyrkja og i kyrkja. Du har leita etter det som er godt og vakkert, alt som kan gje mot og håp. Og du har funne det og løfta det fram gjennom ord - og tonar.

Å vere domprost i Nidaros er ei av dei store og vesentlege leiaroppgåvene i Den norske kyrkja. Du har fylt denne oppgåva med verdighet og med varme.  

Her er det mange, svært mange, oppgåver for ein domprost i det pulserande og stundom travle livet i Domen og domprostiet. Her var det ulike hendingar og Olavsfest som skulle fyllast med innhald, i samarbeid med store kultur-institusjonar, med byens leiarar og innbyggjarar. Her er det to biskopar som du skulle samarbeide med og stundom fylle oppgåver i deira stad. Hit kom nasjonale og internasjonale gjester og hendingar som har kravd kvalitet og førebuingar i absolutt alle detaljar. Du har gjort det, med stil og med styrke. Kanskje meir enn noko anna har du leia og tatt del i gudstenestelivet, som du har fylt med kvalitet og med glede.

Det er ei stor oppgåve du har hatt, og du har gjort den endå større med alt det du har fylt oppgåva med. Du har gitt mykje av dine krefter og tid. Men så har du også fått hausta frukter som har vorte til glede for mange.

Du har brukt dine varme og omsorgsfulle blikk, men har også hatt bruk for for ditt klårsyn. Og ikkje minst ditt syn for det verdifulle i tradisjon, og for at ein levande tradisjon stadig gjev plass til noko nytt. Slik har du både vore trygg i di rolle og ein god pioner, som den første kvinne som domprost i Nidaros. Men så var du vel også den første hallingen i denne rolla.  

Eg takkar deg for eit særs godt samarbeid i ei svært spesiell tid, ikkje minst pandemiens usikre og krevjande dagar, månader og år. Det var spesielt trygt og inspirerande å få samarbeide med deg som ny biskop her i denne perioden.

Som referanse for deg då du først søkte stilling her i Domen, har eg fått sett at eg har mine ord i behold då eg sa at Ragnhild Jepsen kan setjast til alle slags oppgåver i kyrkja, og dei vil bli utført med kvalitet.  

Den som har mykje å fare med  - ja den fer. Vi kjenner på stor takksemd – og litt vemod i avskjedens time. Eg ser likevel ei ekte glede her - og elles rundt omkring i kyrkja vår – over at det du har fått utvikle her i Nidarosdomen no kan førast vidare i nye oppgåver. Kyrkja har kalt deg til biskop i Bjørgvin bispedømme. Det er mykje godt du har med deg dit frå åra her.

Så ber vi i dag at Gud signar din utgang og din inngang, frå no og til evig tid.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"