-Det blir veldig spennande

Domprost i Nidaros, Ragnhild Jepsen, er ein av tre attverande bispekandidatar i Bjørgvin bispedøme. Domprosten er takksam og spent på den vidare prosessen.

Tre kandidatar til å verte biskop i Bjørgvin: Kjersti Gautestad Norheim (foto Gyrid Cecilie Nygaard), Ragnhild Jepsen (foto privat) og Sunniva Gylver (foto Harald Bø).

- For det første er eg veldig takksam for det. Alle tre er også kvinner, seier domprost i Nidaros, Ragnhild Jepsen.

Dette blir fyrste gong Bjørgvin bispedøme får kvinneleg biskop. 

- Eg ser me står ganske likt i stemmetal, og det er difor framleis  knytt like mykje usikkerheit til den endelege avgjersla. Det blir veldig spennande framover, held domprosten fram.

Kandidatane

Etter ei rådgjevande røysting i Bjørgvin bispedøme går Kjersti Gautestad Norheim, Ragnhild Jepsen og Sunniva Gylver vidare til neste runde i bispetilsetjinga.

Gudmund Waaler, Stephanie Dietrich og Nils Terje Lunde var også nominert, men dei fekk ikkje tilstrekkeleg oppslutning i røystinga til å vere med i den vidare prosessen.

Tilsetjing

Ny biskop vert tilsett av Kyrkjerådet 9.–10. februar.

Halvor Nordhaug har gått av som biskop i Bjørgvin bispedøme og vorte pensjonist. 6. desember vart seks kandidatar presentert til å overta som biskop.

Desse deltok i røystinga

Den rådgjevande røystinga er ein del av prosessen med å tilsetje ny biskop. Til saman har 353 røysteføre instansar og tilsette sett opp inntil tre namn i prioritert rekkefølgje. 45 røyster hadde eitt eller to namn. Dette gjev oppslutning på 70 %.

Dei røysteføre er: Sokneråd i Bjørgvin, ungdomsrådet, vigsla kyrkjeleg tilsette i bispedømet. I tillegg har prostar i andre bispedøme, ungdomsrepresentantar til Kyrkjemøtet og representantar frå teologiske utdanningsinstitusjonar røysterett.

Røysteperioden var frå 5. desember til 5. januar.

Dette er resultatet

Vekting av stemmene med utgangspunkt i fordeling av 100 «poeng», gir dette resultatet:

Namn Stemmer
Kjersti Gautestad Norheim  23,84 %
Ragnhild Jepsen 21,83 %
Sunniva Gylver 21,57 %
Gudmund Waaler   15,40 %
Stephanie Dietrich

10,09 %

Nils Terje Lunde 7,28 %

Last ned fullstendig oversikt over stemmene her.

Førstestemmer har vekting lik 1, andrestemmer lik 2/3 og tredjestemmer lik 1/3. For å sikre lokal innverknad i prosessen teller stemmer frå sokneråd og ungdomsrådet 1/3, prestar og andre i vigsla stillingar i bispedømet 1/3 og nasjonale stemmer teller 1/3.

Vidare prosess

I neste runde skal bispedømerådet i Bjørgvin gje si tilråding, og biskopane vil gje tilråding med grunngjeving til Kyrkjerådet. Dette vil verte offentleggjort 20. januar. Etter dette vil dei tre kandidatane verte intervjua av Kyrkjerådet sitt arbeidsutval.

Det er Kyrkjerådet som tilset ny biskop, ut i frå ei heilskapleg vurdering. Den rådgjevande røystinga, bispedømerådet si tilråding, biskopane sine tilrådingar og individuelle intervju med kandidatane dannar til saman grunnlaget for vedtaket til Kyrkjerådet.

Kyrkjerådet vedtek tilsetjing av ny biskop i Bjørgvin på sitt møte i Bergen, 9.–10. februar 2023.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"