Mitt val av julesalme fell på «Folkefrelsar til oss kom».
Mitt eige forhold til salmar handlar generelt om den nære opplevinga av at Gud er til stades når eg syng dei. Det er eit heilt nødvendig trusuttrykk for min del. Når eg syng ein salme i eit vakkert kyrkjerom, med god akustikk, symbol og visuell kunst, syng eg som regel saman med andre menneske. Det bekreftar min relasjon til Gud, til dei eg opplever songen saman med og til meg sjølv. Denne relasjonen kan også knytast attende til menneske som har sunge salmen i ti år, hundre år og tusen år – og til dei som kjem til å ta del i salmesongen tusen år fram i tid. Ein salme er ikkje ein ting; det er noko vi gjer. Vi salmar.
Når eg har valt «Folkefrelsar til oss kom» som min julesalme, så har det med opplevinga av kontinuitet å gjera. Kristne over heile verda har sunge denne salmen i snart 2000 år! Dette er ein av dei eldste salmetekstane i Norsk Salmebok, opphavleg skriven av kyrkjefader Ambrosius på 300-talet. Melodien har røter til år 1120, og kanskje endå lengre bak i tid. Han er enkel, men vakker og tidlaus. Han egnar seg til å bli sunge både med og utan instrumentfølgje. Teksten er ei form for takknemleg truvedkjenning; om Gud som også blei menneske, og om Frelsaren som sit ved Guds høgre hand. Han inneheld ljos: «ljoset nytt i natti rann» og «trui alltid ljoset ser». For meg er dette ein salme som gjev håp, hjelp til å hente jula ned og til å løfte Jesusbarnet fram og opp.
Folkefrelsar, til oss kom er nummer 2 i Norsk Salmebok.
Folkefrelsar, til oss kom,
Folkefrelsar, til oss kom,
fødd av møy i armodsdom!
Heile verdi undrast på
kvi du såleis koma må.
Herrens under her me ser,
ved Guds Ande dette skjer.
Livsens ord frå himmerik
vert i kjøt og blod oss lik.
Utan synd han boren er
som all synd for verdi ber.
Han er både Gud og mann,
alle folk han frelsa kan.
Frå Gud Fader kom han her,
heim til Gud hans vegar ber,
ned han fór til helheims land,
oppfór til Guds høgre hand.
Du som er Gud Fader lik,
ver i vanmakt sigerrik!
Med din guddoms velde kom,
styrk oss i vår armodsdom!
Klårt di krubbe skina kan,
ljoset nytt i natti rann,
naud og natt til ende er,
trui alltid ljoset ser.
Lov og takk, du Herre kjær,
som til verdi komen er!
Fader god og Ande blid,
lov og takk til evig tid!
T: Ambrosius før 397/ O: 1905 Bernt Støylen
M: Einsiedeln omkr 1120 / Erfurt 1524