Me opnar dørene kl. 09.30 for ein kopp kaffi og ein prat, og så startar programmet kl. 10.00. Arrangementet er ferdig kl. 14.00.
Samlinga finn stad på hotell Scandic Stavanger City i Reidar Berges gate 7, Stavanger.
Påmelding
Deltakaravgifta vert dekka av Stavanger biskop. Meld deg på i dag! Påmeldingsfristen er 22. oktober 2021.
Program
09.30 Kaffi eller te og ein prat
10.00 Videohelsing frå biskop Anne Lise Ådnøy (som er på visitas)
10.15 Presentasjon av arbeidsmiljøundersøkinga og handlingsplanen
ved stiftsdirektør Jorunn Kraft Vistnes
respons frå stiftsstyreleiar Silje Barkved Fossan og
høgskolelektor Karen Margrete Eikenes Mestad
11.30 Lunsj
12.30 Samtale
13.30 Pause
13.40 Liturgisk avslutning
14.00 Slutt
Målgrupper
- Tilsette i Stavanger bispedømmeråd
- Tilsette i fellesråd
- Pensjonistar
- Teologar
- Teologistudentar
Arbeidsmiljøundersøkinga
Her kan du lesa meir om resultatet av arbeidsmiljøundersøkinga for kvinner i presteteneste, som Kyrkjerådet la fram i vår.
Årets komite
Programmet vert planlagd av leiar for stiftsstyret i Presteforeningen og sokneprest i Sørnes kyrkjelyd Silje Barkved Fossan, sokneprest i Høyland kyrkjelyd Synøve Roalkvam, trusopplæringsrådgjevar ved bispedømmekontoret Cecilie Bakkene Pedersen og personalrådgjevar Magnus Andreas Våge.
Tidlegare år
Nettverkssamlinga for kvinner har blitt ein årleg tradisjon, men måtte i fjor avlysast på grunn av koronapandemien. I 2019 var tema for samlinga "Leder eller kvinnelig leder?"