Arrangementet finn stad onsdag 5. mars 2025, på VID Stavanger.
Me opnar dørene for kaffi, te og ein prat kl. 09.30. Programmet startar kl. 10.00 og sluttar kl. 14.00.
Målgruppa er studentar og yrkesaktive prestar og teologar. Sidan sist har biskopen etablert ei eiga samling for pensjonistar.
Program
Programmet består av innleiingar med opning for spørsmål, samtale og diskusjon.
09.30 Kaffi og te
10.00 Morgonbønn i kapellet ved biskop Anne Lise Ådnøy
Kvinner i pastorroller i norske frikyrkjer
– pastoren som hyrde og mor
Anna Rebecca Solevåg, professor i Det nye testamentet
Gudstenesteleiing i kvinnekropp
– kva rolle speler kjønn for pastoral leiing?
Karen Margrete Eikenes Mestad, førsteamanuensis i praktisk teologi
11.30-12.15 Lunsj
Kvinnehelse
Hanne Kirsti Torvnes Rosnes, lege
Perspektiv på ein kvinnekropp i presteteneste
Linda Aune Aurdal, prostiprest
Fridom eller forplikting
– om svangerskap, barseltid og gudsbilete
Silje Barkved Fossan, sokneprest
Kropp og kall
– glimt frå 40 år som kvinne og prest
Sigrid Sigmundstad, prost
14.00 Slutt
Klikk her for å melde på.
Påmeldingsfristen er kl. 12.00 fredag 21. februar 2025.
Velkommen!