– Her er arbeidsglede, omsorg, klokskap og tru

– Det er flott å sjå kor fint det blir når dei som tek vare på kyrkja er vevd saman med folket i bygda over tid, sa biskopen etter dagane på visitas i Forsand.

Publisert:

Mykje kjekt innhald i vistasdagane: Flott kyrkje med supert påbygg, gjestebod med kommuneleiing, lag og organisasjonar og inspirerande lunsj på ein av nærbutikkane sto blant anna på programmet,
Mykje kjekt innhald i vistasdagane: Flott kyrkje med supert påbygg, gjestebod med kommuneleiing, lag og organisasjonar og inspirerande lunsj på ein av nærbutikkane sto blant anna på programmet,

– Denne veka har eg blitt betre kjent i Forsand, innleia biskopen vistasforedraget sitt.

Visitasen strekte seg frå 16.-21. september, og foredraget heldt biskopen etter visitasgudstenesta.
– Hit reiser folk frå heile verda for å oppleva naturen, og så finst de her: Eit levande og sterkt lokalsamfunn, med 61 lag og foreiningar med Forsand i namnet, 1012 innbyggjarar, 782 kyrkjemedlemmar og ein dugnadskultur som skapar ei imponerande bygd og ein kyrkjelyd eg blir svært takksam for.

Mange engasjerer seg

– Kyrkjelyden her er ein stad å finna trusfellesskap, tenestefellesskap, omsorg, praktisk hjelp, høgtid og kvardag. De er kyrkjelyd for små og store, innflyttarar, flyktningar og alle som heiter det same som plassen dei bur og har høyrt til i generasjonar.

– Det har vore flott å dela denne veka med dykk! Tusen takk til sokneråd og alle andre som er med å skapa denne kyrkjelyden, gjennom gjevarteneste, barnegrupper, song, verksemd på bedehuset, sorggrupper, språkkafé, kyrkjekaffi og besøksteneste.
Her finst det mange fleire tilbod og eit mykje større kyrkjelydsarbeid enn ein kunne venta ut frå statistikk, fordi så mange engasjerer seg. De fortel gjennom kva de brukar tid på at kyrkja og alle ho er til for betyr mykje.

Les heile visitasforedraget her.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"