Programmet
Visitasprogrammet går vanlegvis over fire dagar. Programmet skal gi et bilete av det lokalsamfunnet som kyrkja høyrer til i, og varierer fra stad til stad.
Faste programposter:
- gudstenester
- møter med de kyrkjelege stabane
- møter med valgte råd
- møter med kommunen
- møter med skuler og barnehagar.
Programposter som speiler lokal kultur og livsgrunnlag, som for eksempel bedriftsbesøk, kulturkvelder eller andre arrangement i kyrkjene, er også gjerne med.
Kvar visitas avsluttast med ein visitasgudsteneste og ein kyrkjekaffe. Under kyrkjekaffen held biskopen eit foredrag med rapport frå visitasen, gjerne med utfordringar til kyrkjelydene om det vidare arbeidet.
Ressursmateriell
I løpet av visitasen vil biskopen gjerne ha svar på: Korleis er situasjonen for kyrkja i soknet akkurat nå? Kva fungerer godt? Kva kan og vil ein arbeida for å styrka og forbetre?