Fleire konfirmantar i Bjørgvin

I Bjørgvin bispedøme auka talet på konfirmantar forrige år. Dei fleste stader er det no tid for påmelding til neste års konfirmasjon.

Talet på konfirmantar i Bjørgvin for 2023 viser ei auke.  Foto: Fotograf Von/Kirkerådet

Medan 4730 ungdommar i bispedømet vårt valde å konfirmere seg i kyrkja i 2022, auka talet med 2,4% til 4844 i fjor. Dette vil seie at 60% av årskullet 15-åringar vart konfirmerte i kyrkjene våre i fjor, eller 85% av dei døypte. 

Det har vore ein tendens at talet på konfirmantar har sunke dei siste åra. Seniorrådgjevar for born, unge og trusopplæring, Torfinn Wang, set pris på at tala for det siste året viser det motsette, men han er måtehalden med jubelen:

— Vi er svært glade for at tala ikkje går ned, men tala er ikkje så store at vi må juble for høgt. Konfirmanttida er noko vi satsar på i bispedømet, og vi arbeider for at dette skal vere ei meiningsfull og god oppleving for ungdommane. Det er godt at tala no er stabile, og vi må berre halda fram med å satsa på å gjere konfirmasjonstida så god og relevant som mogeleg for ungdomane våre

 Torfinn Wang

Torfinn Wang

 

Eit annleis-år

Den norske kyrkja har eit godt konfirmasjonstilbud for alle ungdommar. Kyrkja ønsker å gi ungdommane mykje: høve til å lære om seg sjølv, Gud og kyrkja, ei annleis tid der ein får oppleve å høyre til og sleppe å prestere, opplevinga av å bli feira midt i ei krevjande ungdomstid, eit rom for refleksjon og håp i ein kvardag som byr på uro og uvisse. Den norske kyrkja ønsker å gi ungdommar høve til å delta i eit annleis-år som gir minner og verktøy for livet. I konfirmantundervisninga får ungdommane lære om kristen tru, dei store spørsmåla, men og om om tema som sex og identitet, kva vi kan gjere for klimaet og korleis vi kan kjempe for rettferd. I Bjørgvin var dei aller fleste av konfirmantane med på årets Fasteaksjon, Kirkens Nødhjelp sin innsamlingsaksjon. Her lærer ein om internasjonal diakoni, om ulikskap i verda og får vere med å gjere ein skilnad.

Bjørgvin bispedøme si satsing på konfirmasjon gir hjelp til lokale kyrkjelydar med prostivise samlingar og leirar både i haustferien og vinterferien. Desse vert gjennomførde i samarbeid med KRIK og KFUK/KFUM.

Konfirmasjonar vår og haust

I mange kyrkjer er konfirmasjonane i 2024 over, men det er og konfirmasjonar i juni og i haust nokre stader. Der det er haustkonfirmasjonar er det vanleg at påmeldinga opnar på hausten året før, men i dei fleste kyrkjer kan ein melde seg på konfirmasjon i 2025 no. Du finn meir informasjon om dette på nettsida til din kyrkjelyd. Lurer du på kva kyrkje du høyrer til, kan du søke på adressa di under.

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"