Biskopen på heimebane

Den 20. februar startar ein ny serie med biskop Halvor Nordhaug - "Biskopen på heimebane" i Bergen domkirke. I tillegg held serien "På trua laus" fram på Litteraturhuset.

Biskop Halvor Nordhaug blir å høyra både i Bergen domkirke med trusopplæring for vaksne og i Litteraturhuset der han samtalar med engasjerte gjester.

"Biskopen på heimebane" er ein serie med føredrag og samtalar med biskop Halvor i Bergen domkirke. Samlingane handlar om Guds eksistens, det vonde og kyrkja. 

Etter føredraga og ein liten kaffipause, blir det panelsamtale der det også er rom for å stille spørsmål.

Fri inngang

Arrangørar er Bjørgvin kirkeakademi/kirkekomiteen i Domkirken/Biskop Halvor Nordhaug

Biskopen på heimebane - program våren 2020

20. februar:

Gud – usynleg, men verkeleg?
Om Gud, vitskap og det fattige språket

Føredag ved biskopen der han spør: Kva grunnlag har vi for å hevde at det finst ein Gud? Gud og/eller Darwin? Kven er han/hen/ho? Kva kan vi vite om Guds vesen og eigenskapar? I panelet med biskop Halvor: Ansvarleg redaktør i BT – Frøy Gudbrandsen og domprost Gudmund Waaler

5. mars:

Kvifor let Gud alt dette skje?
Om Gud som er stille og den meiningslause lidinga

Dersom Gud er allmektig og kjærleg, kvifor finst det så mykje vondt? Er det Gud sjølv som let det skje? Eller er det Djevelen som står bak? Eller kanskje vi?
I panelet med biskop Halvor: Filosof og lærar Svein Salhus og  sokneprest Kjersti Gautestad Norheim

26. mars:

Kyrkja – ei plage eller ei gåve?
Om kyrja og kristendommen sitt avtrykk i historia

Korleis kunne Jesus bli tatt til inntekt for kjetterjakt og korstog? Kjem kyrkja alltid løpande etter framskrittet? Kva er «vår kristne og humanistiske arv»? Er menneskerettane ein frukt av kristendommen?

I panelet med biskop Halvor:
journalist/føredragshaldar Hilde Sandvik og kapellan William Grosås.

 

På trua laus med Oddny Miljeteig og Linda Eide

Biskopen har i vår to samtalar med tittelen "På trua laus" i Litteraturhuset i Bergen. Dette er ein møteserie der biskopen ønskjer å sleppe trua laus frå kyrkja sitt indre rom og utsetje den for spørsmål, kritikk og forsvar.

29. januar: Oddny Miljeteig

I biografien "Hjartebank" om Oddny Miljeteig , teikna journalist og forfattar Kjersti Mjør eit bilete av ei sterk og fargerik dame som har levd etter mottoet ustrigla og motstraums. Oddny Miljeteig fortel blant anna om sine erfaringar som adoptivbarn, nestleiar i SV og kreftpasient. Ho er no nyvald medlem av Bjørgvin bispedømeråd. Denne kvelden vil ho samtale med biskopen om livsmot, om kristendom og politikk, og om kvifor ho framleis trur på Gud og Jesus.

29. april: Linda Eide

"Siste ord er aldri sagt"

Linda Eide samtalar med biskop Halvor Nordhaug om ordets makt, alvor og skjemt, og om menneskeord og gudsord.

"På trua laus" er ein møteserie der biskopen ønskjer å sleppe trua laus frå kyrkja sitt indre rom og utsetje den for spørsmål, kritikk og forsvar

Arrangementa er opne for alle, men ein må kjøpe billett via Litteraturhuset sine nettsider. 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"