Stor interesse for Fana prestegård

Bjørgvin bispedøme og Fana prosti inviterte 25. september til ope møte om vidare bruk av Fana prestegård. Dette er ein stad der fortid og framtid møtest, og det var tydeleg at fleire hadde draumar for korleis staden kan brukast.

Deltakarane på folkemøtet hadde med seg mange tankar om korleis Fana prestegård kan brukast. Foto: Jan Gunnar Kaaresen

Fana prestegård ligg både bynært og landleg. I Bjørgvin bispedøme leikar ein med tanken om at dette kan vera ein stad for retreat, ein kvilestad for pilegrimar, kanskje ein stad for kurs og samlingar. Samstundes er det også interessa for staden i Fanabygda, noko folkemøtet viste. Der var det representantar frå bl.a. kyrkjelydane i området, Fanabygdens venner, lokalhistorikarar, reiselivet, Sesam, Den katolske kyrkja, Stend vidaregåande skule, Bergen kirkelige fellesråd og Bergen kommune.

– Det var veldig spennande å høyra kva draumar folk hadde, seier Åse Fretheim som både er nabo og representant for Enhet for aktivitet og mestring i Bergen kommune. – Det som var felles for dei fleste var at staden må vera open og tilgjengeleg for mange. Min draum er at kommunen kan bruka det på dagtid som aktivitetssenter for heimebuande eldre. Dei kan halda på med aktivitetar inne, dyrka noko i hagen, samarbeida med open barnehage i menighetshuset eller ha aktivtetar knytt til gardsdrifta på Stend vidaregåande skule, seier Fretheim som trur det går an å bruka huset til mange formål – det blir dobbelt moro, seier ho.

Blant dei andre forslaga som kom fram frå samtalar rundt borda på møtet var retreatstad, møtestad for kyrkjestabar, dialogsenter, babysang osb. Plasseringa ved tusenårsstaden til Bergen kommune og Fana kyrkje påverkar både atmosfæren og kva tiltak det kan vera aktuelt å satsa på.

– Det var viktig og nyttig å få desse innspela frå ulike interessentar så tidleg i ideprosessen vår. Vi kjem også til å be om innspel frå aktørar som var inviterte, men som ikkje kunne møta den dagen, seier stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit. Bispedømerådet har gitt grønt lys for at ein arbeider vidare med planane for dette huset som blir eigd av Opplysningsvesenets fond (OVF). – Vi vonar det blir meir konkrete planar i løpet av det komande året, seier Fjelltveit.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"