Bli med på HEL-konferanse

På HEL-konferansen i januar 2023 blir vi utfordra på kva kyrkja er og kan vera i vår tid. Du vil få praktisk hjelp til å utvikla inkluderingsarbeidet i forsamlingane, og sjå tydinga av at alle får kjenna at dei høyrer til. HEL-konferansen er ein stad for godt fellesskap og læring.

Bli med på HEL-konferanse

Velkommen til HEL 2023 – frå 17.19. januar i Lund kyrkje i Kristiansand! Dette er den sjette nasjonale HEL-konferansen.

HEL er ei fellesnemning for inkluderingsarbeid i kyrkja og ein visjon om ei kyrkje som tar gåvene og utrustinga til alle menneske i bruk og på alvor.

Ein god stad for fellesskap og læring

Vi ønskjer ei kyrkje der vi alle høyrer til uansett funksjonsnivå og ressursar. Alle har noko å bidra med inn i fellesskapet til kyrkja. Kyrkja blir ikkje «hel» før alle blir rekna med og har funne plassen sin.

I januar 2023 blir HEL-konferansen arrangert i Kristiansand. Konferansen vil mellom anna stilla spørsmål om kyrkja og samfunnet har dei lover og reglar som skal til for å skapa den inkluderinga som vi ønskjer. I tillegg vil konferansen vera med på å visa veg til eit praktisk kyrkjelydsliv som kan er slik at alle kan kjenne at dei høyrer til.

Verdskjend hovudtalar

Professor John Swinton er hovudtalar på konferansen. Han er ein verdskjend teolog knytt til arbeid med menneske med utviklingshemming, demens og psykisk uhelse. Han har skrive ei rekke bøker og artiklar og er kjent over heile verda som ekspert på temaet til konferansen.

Konferansen dreier seg om «HEL-arbeidet» i kyrkja, men ikkje i snever forstand. Ho vil gi impulsar til teologisk tenking og bidra til ei tenking om gudstenestearbeid for alle.

– På konferansen vil vi presentera ei ny papirlaus gudsteneste som kan brukast breitt i kyrkja, både i Hel-arbeidet og ulike gudstenester, seier Rune Rasmussen. Han er spesialprest for inkluderande kyrkjeliv og primus motor for konferansen.

Bli med!

Konferansen er for kyrkjelege tilsette, frivillige i kyrkjelydsarbeid, tilsette i omsorgsarbeid, menneske med funksjonsutfordringa og foreldre/føresette i familiar med menneske med utviklingshemming.

Du finn lenke til meir informasjon, brosjyre og påmelding nedst på denne sida. 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"