Ta turen til Røldal i juli

Frå fredag 7. til søndag 9. juli er det verdt å leggje turen til Røldal om du har interesse for pilegrimsturar og heilage stader.

Røldal stavkyrkje Foto: Eirik Moe

Røldal sokneråd og Bjørgvin bispedøme samarbeider om pilegrimsstemnet i Røldal første helga i juli. Pilegrimar frå Moster og Stavanger vert mottekne liturgisk fredag ettermiddag, og seinare på kvelden kan ein sjå Røldalsspelet "Den lange vegen".

Laurdag 8. juli vert det program heile dagen, med mellom anna morgonbøn, bygdevandring, stille time i kyrkja, krossvandring og midnattsmesse. Frå klokka 10.00 er det eit seminar kalla "Der himmel møter jord". Kulturrådgjevar i Bjørgvin bispedøme, Ragna Sofie Grung Moe leier dette møtet, og ho har stor tru på at dette blir svært bra. Deltakarane på seminaret er professor Jørn Øyrehagen Sunde, dialogprest Ann Kristin Zijp Nilsen og professor Justin Kroesen. Dei har kvar sine innlegg før dei samtaler om heilage stader - er stadane heilage eller blir dei det?

Fullt program finn du nederst på sida under "dokument". Ein treng ikkje melde seg på på førehand for å vere med. Ta gjerne kontakt med Ragna Sofie om du har spørsmål om pilegrimsstemnet.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"