Søndag for dei forfølgde

«Søndag for dei forfølgde» er ein viktig global merkedag i kyrkjeåret. Denne dagen står kyrkjelydar over heile verda saman i bøn for den forfølgde kyrkje. Menneske som vert forfølgde for si tru, ber om vår forbøn og støtte. Bjørgvin bispedøme oppfordrar alle sine kyrkjelydar til å vere med!

Søndag for dei forfølgde blir mange stader markert den 13. november. Foto: Stefanusalliansen

Dagen vert markert andre søndag i november, som i år fell på 13. november, eller ein kan markera den på ein annan eigna søndag som passar i kyrkjelyden

Det er mange grunnar til å markere Søndag for dei forfølgde i norske kyrkjelydar. Her er nokre av dei:

  • I Pakistan vert kristne jenter og hindujenter kidnappa av muslimske menn som tvangskonverterer dei og tvingar dei til ekteskap. Stefanusalliansens partnar hjelper fleire av dei til fridom.
  • I Nord-Korea vert kristne fengsla, mange vert stengde inne i dei mest berykta fangeleirane i landet, leirar for politiske fangar, der det knapt er råd å koma levande ut. Kristne som klarar å koma seg ut av Nord-Korea, fortel historiene sine gjennom Stefanusalliansens partnar, historier kyrkjelydar kan bruka til informasjon og forbøn.
  • I India rettar hindunasjonalistiske valdsgrupper angrep både mot muslimar og kristne. Historiar får du gjennom Stefanusalliansens vener som stiller opp for folk som vert nekta trusfridom.
  • I Tyrkia må små kristne kyrkjer leve under heilt andre vilkår enn det muslimske fleirtalet. Men kyrkjer rapporterer likevel om at nye kjem til tru. I Nord-Irak og Nord-Syria må kristne flykte for tyrkiske luftangrep mot kurdiske basar. I Irak og Syria kjempar folk seg tilbake til eit liv etter år med terror og brutal krig.
  • I Sentral-Asia lever pastorar under et kraftig press frå miljøet rundt. Hos ein av Stefanusalliansens partnarar i eit anna, trygt, land får dei ein pustepause for å samle nye krefter.

Søndag for dei forfølgde  (SFF) vert markert i mange kyrkjer verda over. Det er viktig å bruka ein søndag til å spreie kunnskap, utfordra i forkynninga, gje ei gåve og la seg inspirere av menneske som lever i land der det verkeleg kostar å leve ut kristen tru.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"