Ny strategi med vekt på fellesskap

Bjørgvin bispedømeråd vil satsa på gudsteneste, ungdom og diakoni i dei komande åra. Det vart klart då bispedømerådet i møte 7. februar vedtok strategi for 2018-2020.

Bjørgvin bispedømeråd sin strategi legg vekt på fellesskapet. © Kirkerådet www.kirken.no

Framlegget til strategi har vore ute på ei open høyring blant sokneråd, tilsette og enkeltpersonar som svarte.

Gudsteneste, ungdom og diakoni

Mange som uttalte seg i høyringa var opptekne av at kyrkjelyden skal få ei god totaloppleving av gudstenestene, det vil seia både liturgien, musikken, involvering av fleire i gjennomføringa, måten folk blir møtt på, kyrkjekaffi og andre element knytt til gudstenestene.

Satsinga på ungdom er som satsinga på gudstenester ei vidareføring av gjeldande strategi, og mange heldt fram at ungdomsarbeid må ein satsa på fordi det er så viktig og så vanskeleg.

Diakoni betyr i bispedømet si satsing at ein har eit særleg auga på fellesskapen i kyrkjelydane og at mange må kjenna eigarskap til det som går føre seg i kyrkjelyden.

– Desse områda er det først og fremst kyrkjelydane sjølve som kan gjera noko med, men bispedømet si satsing medfører bl.a. at kurs og samlingar og andre tiltak bispedømet tek initiativ til, vil bli prega av tema som er relevante for kyrkjelydane og dei tilsette sitt arbeid med gudstenestene, ungdom og diakoni, seier stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit.

Kvalitet

Eit område der bispedømerådet har meir direkte høve til å påverka rammevilkåra i kyrkja er som arbeidsgjevar for alle prestane. Bispedømerådet har med det ansvar for tilsetjingar, arbeid med helse, miljø og tryggleik (HMS) og prestane sin kompetanse. – Dersom vi gjer eit dårleg arbeid på dette området, vil det merkast, så difor legg vi vekt på å jobba systematisk og med god kvalitet i det daglege arbeidet vårt på dette feltet, seier stiftsdirektøren. Han inviterer til tett samarbeid med fellesråda for å sikra god kompetanse for alle, både prestane og dei tilsette som har dei lokale fellesråda som arbeidsgjevar.

Rekruttering og finansiering

Rekruttering er eit område der bispedømerådet vil arbeida systematisk, slik heile Den norske kyrkja gjer, både med tanke på prestar, andre stillingar og frivillige.

Mange kyrkjelydar som ønskjer midlar til ein ekstra innsats, kan ha bruk for hjelp til å byggja opp ei god gjevarteneste eller andre måtar å få tak i finansiering på. Bispedømerådet har ikkje pengar å tilby, men det kan bli aktuelt å satsa på rettleiing om ulike måtar å skaffa midlar på.

Strategiske satsingar - oppsummert

1. Systematikk og kvalitet i det daglege arbeidet

2. Gudsteneste, ungdom og diakoni

3. Rekruttering og finansiering – langsiktig arbeid

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"