Kveldsandakt

Kvar onsdag kl. 19 i Solheim kyrkje.

I bønn under stjernehimmel, akvarell frå stmparish.org.
I bønn under stjernehimmel, akvarell frå stmparish.org.

Hausten 2025 vil vi ha ei kveldsandakt kvar onsdag i Løvstakksiden menighet. Vi har ein enkel liturgi (sjå lenke til dokument under), og eg, Knut Kvalsvik, vil lese frå Apostelgjerningane og knyte nokre kommentarar til. Det tek vanlegvis ein halvtime til tre kvarter.

  • Stad: Solheim kyrkje, Hordagt. ⁠28, i kyrkjeromet.
  • Tid: Onsdagar kl. ⁠19. Kyrkja er opa frå kl. ⁠18.
  • Datoar: Oppstart 3. ⁠september, siste gong før jul vert 10. ⁠desember. Enkelte onsdagar kan utgå, dette er ikkje klart enno.

Etterpå er det anledning til å vere igjen litt, kanskje for å prate med andre, kanskje for å tenne eit lys i lysgloben vår og be ei bøn.

Apostelgjerningane er skrive av evangelisten Lukas, og kan betraktast som bind ⁠2, ei fortsetjing av Lukas-evangeliet. Her høyrer vi om dei fyrste kristne og korleis den kristne bodskapen finn vegen frå Jerusalem og ut i verda den gongen, like til Roma.

Velkomen til å vere med på ferda!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"