Salme til andakt for 26. april – 3. søndag i påsketida, nr 328 i Norsk salmebok 2013.
1 Min hyrding er vår Herre Gud,
og inkje meir eg treng.
Han gjev meg kraft og leier trygt
til kvild på grøne eng.
2 På rette stigar leier han
til ære for sitt namn.
I mørke dalen er eg trygg,
mi borg er Herrens famn.
3 For du er med meg kvar ei stund,
om dagsens ljos døyr av.
Du gjev meg mot, og trøyst eg har:
din eigen kjepp og stav.
4 For fiend-auga dukar du
ditt rike bord for meg.
Med salva hovud får eg ta
mitt fylte staup frå deg.
5 Du gjev meg miskunn all min dag,
alt godt med handa di.
Og eg får bu i Herrens hus
i all mi levetid.